Erlend Friestad
Det er mykje risiko knytt til dette, sidan fartsgrensa er 80 km/t. I tillegg er vegen smal og uoversiktleg på enkelte parti.
Vi håpar nye skilt gjer at det blir færre av desse situasjonane framover.
Det er no sett opp blå «gåande»-skilt til Overåsanden på strategiske plassar. Målet er at det skal bli lettare for gåande og syklande å velje gamlevegen og så ta gangvegen frå Ovravegen ned til stranda.
Ei utfordring vi framleis har, er at Google maps rår syklande og gåande å gå/sykle langs hovudvegen. Vi har derfor sendt inn melding til Google for å få endra slik at gamlevegen og gangstien frå Ovravegen blir hovudalternativet. Vi har også gått direkte til enkelte brukargrupper og utstyrt dei med kart som viser den trygge ruta.
Slik er reiserutene som Google maps rår gåande og syklande. Alle alternativa leier dei inn på hovudvegen på det mest uoversiktlege punktet.
Google maps
Dette er den beste ruta for gåande og syklande til Overåsanden. Dra forbi krysset ned til hovudvegen og heilt bort til grusvegen som går ned frå Ovravegen til Overåsanden.
Google Maps