No kan du bestille rettleiingsmøte med byggesakshandsamar

Har du spørsmål om byggesak? No kan du enkelt reservere tid med ein byggesakshandsamar når det passar deg. Målet er å gi betre, meir føreseieleg og målretta rettleiing til innbyggarane.

person bak arbeidspult - Klikk for stort bileteByggesakshandsamar Kim-Tore Leirbekk Husøy er klar til å ta i mot timebestillingar frå deg som har spørsmål om byggesak. Erlend Friestad

Byggesakseininga i Hareid kommune tek no i bruk ei ny bookingsløysing for rettleiing. Gjennom løysinga kan du sjølv velje tidspunkt og møteform, og reservere eit møte på inntil 20 minutt med ein byggesakshandsamar.

Ordninga skal gjere det enklare å få rettleiing, samstundes som byggesakseininga kan planleggje ressursane betre og sikre lik oppfølging av alle som tek kontakt.

 

Enkelt å bestille time

Du kan reservere møte på følgjande måtar:

  • Telefonmøte
  • Digitalt møte på Teams
  • Fysisk møte på Hareid rådhusac

Møta varer inntil 20 minutt og er gratis.

Tidspunkta som er tilgjengelege finn du i bookingsløysinga.

 

Kva kan du få hjelp til?

Rettleiingsmøta er laga for deg som treng hjelp til å forstå regelverket eller finne fram til relevant informasjon før du sender inn ein søknad.

Du kan til dømes få rettleiing om:

  • kva reglar som gjeld for eigedomen din
  • søknadsplikt og søknadsprosess
  • dokumentasjon som må leggjast ved ein søknad
  • ansvarsforhold og vidare saksgang
  • kvar du finn meir informasjon

Målet er å hjelpe deg i gang med prosjektet og gjere deg kjent med krava som gjeld.

 

For konkrete prosjekt må du bestille førehandskonferanse

Dersom du ønskjer innspel til eit konkret prosjekt eller ei konkret løysing, må du bestille førehandskonferanse.

Ei førehandskonferanse er ei meir omfattande gjennomgang av eit konkret tiltak og er ei gebyrbelagd teneste i tråd med kommunen sitt gebyrreglement og sjølvkostprinsippet.

Rettleiingsmøta skal ikkje erstatte førehandskonferansar.

 

Slik ønskjer vi at du tek kontakt med byggesak

Byggesakseininga får mange førespurnader via telefon og e-post. Ved å bruke bookingsløysinga kan vi sikre at alle får sett av tid til rettleiing og at spørsmål vert behandla på ein meir føreseieleg måte.

Vi oppmodar difor innbyggarar som ønskjer generell rettleiing om byggesak til å reservere tid gjennom bookingsløysinga.

For spørsmål om pågåande saker kan du framleis kontakte byggesakseininga på e-post eller telefon. Hugs å oppgi saksnummer dersom førespurnaden gjeld ei konkret sak.

 

Bestill rettleiingsmøte

Du kan reservere tid med byggesakshandsamar her:

Book rettleiingsmøte med byggesak

 

LES OGSÅ: