No kan du melde deg på Ta tak-kurs – for deg som er pårørande

Er du pårørande til nokon som slit med psykisk helse og/eller rusmiddel? No kan du melde deg på Ta tak-kurs i Ulsteinvik – eit gratis tilbod som gir deg kunnskap, støtte og verktøy i kvardagen.

Nærbilete av to personar som sit og stettar albogene på knea - utsnitt frå brystkassen og ned - Klikk for stort bilete Pexels.com

Målet med kurset er å gjere pårørande tryggare i rolla si, og gi betre forståing for både situasjonen og eigne behov.

 

Eit kurs for pårørande

Ta tak-kurset er eit samarbeid mellom Hareid og Ulstein kommunar. Kurset går over seks kveldar, med ein samling kvar veke. Gjennom kurset får du møte fagpersonar og andre pårørande i liknande situasjon.

Du vil få innsikt i sentrale tema som:

  • meistring og verdigheit
  • bruk av tvang og pårørande sine retta
  • behandling
  • pårøranderolla
  • søsken og barn
  • familieperspektivet

 

Tid og stad

Kurset startar onsdag 21. oktober 2026.

Tid: kl. 18.00–20.30
Stad: Ulshaugen Bygdastova, Ulshaugen 15, 6065 Ulsteinvik

Påmelding

Frist for påmelding er 2. oktober 2026.

Du melder deg på ved å ta kontakt med:

Sonja Bjørlykke
E-post: sonja.bjorlykke@hareid.kommune.no
Telefon: 915 66 738

Trude Alvestad
E-post: trude.alvestad@hareid.kommune.no
Telefon: 915 66 736

Kurset er gratis.