Interaktivt kart
Vel eit punkt på kartet
Trykk på eit punkt for å vise informasjon.
Frist for å sende inn merknader er 2. september 2026.
Planforslaget legg til rette for at tilkomstvegen frå fylkesvegen til Plassane bustadfelt kan gjerast permanent. Vegen er i dag ein mellombels anleggsveg i samband med utbygginga av bustadfeltet, men kommunen ønskjer å avlaste eksisterande kommuneveg.
I tillegg opnar planen for eit mindre bustadområde med tilhøyrande leikeplass og internveg. Her kan det byggast fleirmannsbustadar med fire til seks einingar, eller fleire eine- og tomannsbustadar.
Revidert etter første høyring
Planforslaget har tidlegare vore ute til høyring. Hareid formannskap vedtok i møte 30. juni 2025 å legge planen ut til offentleg ettersyn, med høyringsperiode frå 21. juli til 8. september 2025.
Det kom då inn fire merknader og to motsegner frå offentlege instansar.
Motsegnene frå fylkeskommunen gjaldt mellom anna: – omsynet til barn og unge
– trafikktryggleik
– gangforbindingar og busstilbod
Planen er no revidert for å ta omsyn til desse forholda. Mellom anna er løysingar for barn og unge forbetra, slik at ferdsel til leikeplassen vert tryggare. Det er også utarbeidd eit eige notat som omtalar trafikktryggleik, ganglenker og kollektivtilbod.
Slik kan du gi merknad
Alle saksdokument ligg tilgjengelege på arealplaner.no:
Les saksdokument
Merknader kan sendast til Hareid kommune innan 2. september 2026.
Send inn merknad.