No kan du sende tekstmelding til helsestasjonen

Du kan mellom anna bestille eller endre time.

No kan du enkelt be om time eller endre time hos helsestasjonen via tekstmelding. StockSnap frå Pixabay/illustrasjonsbilete  

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Tenesta blei opna fredag 29. mai og gjeld for helsestasjon 0-5 år og svangerskapsomsorg.

Dette er ein del av det interkommunale prosjektet «Digitalisering av helsestasjon og skulehelseteneste», og er eit tiltak for gjere tenestane knytt til helsestasjonen meir tilgjengeleg for brukarane.

- Det er unødvendig at ein i 2020 må ringe, og kanskje hamne i telefonkø, for eit så enkelt ærend som å endre, avbestille eller bestille ny time på helsestasjonen, seier leiande helsesjukepleiar Ann Elin Skeide og prosjektleiar Inge Pettersen. 

Nybakte foreldre og har spørsmål om barnet si utvikling? Sjå helsestasjonsportalen vår.

Tenesta er levert av HelseRespons, og er same system som nyttast ved ei rekkje legekontor. Slik gjer du for å endre, avbestille eller bestille ny time via SMS:

Send SMS til tlf. 2097: HSTHAREID fødselsdato, namn, di melding og eventuell grad av hast. 

Unngå sensitiv informasjon. Dersom du er føresett så hugs at det er barnet sin fødselsdato og namn du må skrive. 

Døme: hsthareid 230618, Kari Frisk, ønsker ny time hos helsesjukepleiar i veke 32. 

Ved å sende oss tekstmelding samtykkar du til at WTW AS behandler dine personopplysningar og at vi kan svare deg via tekstmelding. Du vil få ei kvittering på at di melding er motteken, og vi svarar normalt i løpet av ein arbeidsdag. Hugs at du ikkje kan sende helseopplysningar, personnummer eller anna sensitiv informasjon via tekstmelding. 

Tenesta er gratis.

Gjeld din førespurnad time same dag, ber vi om at du ringer 70 03 77 50. 

NB: Tenesta kan ikkje nyttast dersom ein har reservert seg mot kortnummer.

Meir informasjon om det omfattande tilbodet til helsestasjonen kan du finne her på helsestasjonsportalen.