No kan hjortejegerane nytte nattkikkertar

Hjortejegerane i Hareid får nytte restlysforsterkande og termiske siktemiddel tidlegare enn venta.

hjort på eit jorde - Klikk for stort bilete Erlend Friestad

Formannskapet meinte det hasta å vedta ei forskrift som opnar for bruk av restlysforsterkande og termiske siktemiddel. Å vente til kommunestyremøtet 17. september ville innebere at jegerane ikkje kunne nytte hjelpemidla i ein vesentleg del av den første delen av jakta.

Formannskapet nytta derfor heimelen for hastesaker i kommunelova § 11-8 første ledd og vedtok forskrifta i møtet 7. september.

Du finn forskrifta på Lovdata: Forskrift om bruk av restlysforsterkande og termiske siktemiddel.