No opnar vi ny parkeringsplass og droppsone ved Hareid Skule

Den nye parkeringsplassen og droppsonen er klar til bruk fyrste skuledag måndag 18. august!

Hovudentreprenør Holstad Maskin og Hareid kommune gler seg over opninga.

Vi ber om at de reknar god tid og tek omsyn til andre bilar og gåande, sidan den nye droppsona og køyremønsteret er nytt for alle.

 

Nytt køyremønster

Det blir innkøyring frå Drammensvegen. Det er påbode å nytte den sørlege innkøyring til droppsona og utkøyring i nordre endre av droppsona. 

Sjå skisse under.

Artikkelen held fram etter skissa. Sjå fleire bilete i botn av saka.

grafikk som viser køyremønster i til dropsona. Grafiske element over eit dronefoto av området. - Klikk for stort bileteKøyr inn frå Drammensvegen, følg retninga til dei gule pilane. Skal du berre sleppe av barn, utan å gå av bilen, kan du stoppe i Droppsonen. Skal du ut av bilen eller følgje barna til skulen, må du nytte parkeringsplassen. Dei gamle parkeringsplassane og droppsonen, blir stengde frå 19. august. Erlend Friestad

 

portrettfoto - sjå biletetekst - Klikk for stort bileteGjengen bak: Peder Alme, Vebjørn Groven, Tone-Lise Osnes (alle Hareid kommune), Johannes Rønning, Øystein Flølo og Knut Ertesvåg (alle Holstad maskin). Erlend Friestad

Droppsone

Droppsona nyttar dei som skal sleppe av ungane sine til skulen, utan å sjølve gå ut av bilen. Droppsona har parkering forbode, med løyve til på- og avstiging heile døgnet.

 

Parkeringsplass

Parkeringsplassen er reservert tilsette, besøkande og andre brukarar av skulen frå klokka 07 – 17. Foreldre som vil følgje borna sine til skulen både første skuledag og alle andre dagar parkerer her. Hald til høgre rundt parkeringsplassen. Ved utkøyring av parkeringsplassen er det påbode å køyre til høgre forbi droppsona og ut til Drammensvegen igjen.

Bilar frå parkeringsplassen har vikeplikt for bilar som skal til droppsona, som generelt for utkøyring frå parkeringsplass.

Stenger gamal droppsone

oversikt over oppmerking parkeringsplass - Klikk for stort bileteOppmerkinga på parkeringsplassen kjem snarast. Her kan de sjå korleis det vil bli.

Første skuledag måndag 18.august vert både ny droppsone, ny parkeringsplass og den gamle parkeringsplassen open. Dette for å sikre god kapasitet til alle tilsette, elevar og føresette.

Den gamle droppsona og parkeringsplassen vert stengt frå tysdag 19.august. Vi skal seinare i år bygge om denne slik at den berre er tilgjengeleg for varelevering og utrykkingskøyretøy.

Hareid kommune ønskjer alle ein trygg og god start på skuleåret.

dronefoto av dropsone, parkeringsplass og Hareid skule - Klikk for stort bilete Erlend Friestad dronefoto dropsone - Klikk for stort bilete Erlend Friestad