Erlend Friestad
For å opne vegen må siktsonene mot hovudvegen utbetrast for å vere innanfor standardane til Statens vegvesen og krava frå fylkeskommunen. Kommunen skal også bytte ei stikkrenne som går gjennom vegen og asfaltere krysset.
Denne utbetringa medfører at Melshornvegen vert opna permanent.
Medan dette arbeidet pågår blir det eine køyrefeltet på hovudvegen mellom Hareid og Hjørungavåg stengt. Då skal trafikken regulerast med trafikklys. Fartsgrensa vil også bli sett ned til 50 kilometer i timen. Det vil berre vere lysregulering og nedsett fartsgrense i arbeidstida.
Dette arbeidet startar 7. oktober. Entreprenør reknar med at dei treng tre veker på jobben.
Når vegen opnar, vil det føre til betydeleg mindre trafikk på Plassane og forbi Syverplassen barnehage. Det vil også vere føretrekt tilkomst til det nye bustadfeltet på Plassane og for mange som bur i Melshornlia.
Abonner på nyheitsbrevet frå Hareid kommune
Så går du ikkje glipp av viktig informasjon frå kommunen din.
Meld på her