7. klasse ved Hareid skule hadde som oppgåve å fjerne det gamle dekket før det nye kunne leggast.
Hareid skule
Fredrik Aursnes spelar for den portugisiske toppklubben Benfica.
Benfica
Ballbingen er ein av dei mest populære møteplassane for elevane våre, men det gamle dekket var godt brukt og trong utskifting. No får både skulen og bygda eit løft – takka vere Fredrik si rausheit og omtanke for heimbygda.
Og ikkje nok med det: Island Offshore har bidrege med heile 14 splitter nye ballar, slik at det blir full fart og mykje speleglede i friminutta framover.
Ein stor takk går òg til seniorgruppa i Hareid IL, som har lagt ned ein imponerande dugnadsinnsats for å få det nye dekket på plass. Utan deira arbeid hadde dette ikkje vore mogleg!
– Dette betyr enormt mykje for oss, både praktisk og symbolsk. Det viser korleis enkeltpersonar, bedrifter og frivillige lag kan bidra til fellesskapet og skape varige verdiar, seier einingsleiar og rektor Hege Tretnes.
Fredrik Aursnes har lenge vore eit førebilete for unge i Hareid. Med denne gåva – og støtta frå Island Offshore og Hareid IL – legg vi til rette for endå meir aktivitet, glede og samhald i åra som kjem.
Tusen takk til alle som har bidrege – de er ekte lagspelarar for heile Hareid!