Ny plassering av 50-sona ved Ulmatec - Hareid kommune

Ny plassering av 50-sona ved Ulmatec

50 sone-skiltet på fylkesvegen mot Hjørungavåg er flytta.

50-sone-skiltet som har fått ny plassering - Klikk for stort bilete Erlend Friestad

Fylkeskommunen har gjennomført endringa etter søknad frå Hareid kommune. Skiltet er flytta om lag 150 meter lenger mot Hjørungavåg, rett før brua over Hareidselva.
Bakgrunnen for endringa er at gangstien langs strekninga er utvida og kryssinga over til Rotarystien. Når området blei betre tilrettelagt for dei som går og syklar, var det naturleg å inkludere desse 150 meterane i 50-sonen.