Interaktivt kart
P
B
LP
F
Vel eit punkt på kartet
Trykk på eit punkt for å vise informasjon.
Planen legg til rette for eit barnehageområde som samsvarar betre med dagens bruk, og gir rom for utvikling framover. Mellom anna omfattar planen:
- betre tilpassa ute- og leikeområde
- løysingar for trafikk og tryggleik
- parkeringsplassar for tilsette og besøkande
Behovet for planen har vore knytt til at barnehagen treng meir plass til både barn og tilsette, og at eksisterande regulering ikkje har samsvara godt nok med dagens situasjon.
Den nye reguleringsplanen erstattar delar av ein eldre plan for området.
Klagefrist 31. juli
Vedtaket kan klagast på innan tre veker frå kunngjeringsdato. Klagefristen er 10. august 2026.
Du sender klage via kommunen sitt digitale skjema:
Send klage her.
Dersom du meiner planen gir grunnlag for krav om innløysing eller erstatning, må dette sendast til Hareid kommune innan tre år frå kunngjeringa.
Sjå planen
Plankart, føresegner og planomtale ligg tilgjengeleg i det digitale planregisteret.
Sjå planen her.
Har du spørsmål, kan du ta kontakt med sakshandsamar Rønnaug B. Mork.
Formelle opplysningar
Kommunestyret vedtok 25.06.2026 detaljregulering for Syverplassen barnehage (planID 20240001) med heimel i plan- og bygningslova § 12-12.
Samstundes vert den delen av reguleringsplanen Vadbakken (planID 19850002) som er omfatta av den nye planen, oppheva.
Vedtaket kan påklagast etter reglane i forvaltningslova, jf. plan- og bygningslova §§ 1-9 og 12-12.
Krav om innløysing etter plan- og bygningslova § 15-2 eller krav om erstatning etter § 15-3 må setjast fram innan tre år frå kunngjeringsdatoen.