Ny sjanse: Garden som ressurs – inspirasjons- og informasjonsmøte


Har du tankar, idéar eller draumar om å utvikle noko nytt på eigen gard? Då er dette møtet for deg!

Har du ein idé eller ein draum knytt til garden din, er dette ei flott moglegheit til å få inspirasjon og rettleiing, og møte andre som også vurderer å starte opp med noko.

Vekst i Hareid og Ulstein næringsforum oppmodar deg som driv, er nysgjerrig eller ønskjer å starte, ny næring på garden til å melde deg på!

I fjor vart møtet arrangert på Hareid, og interessa var så stor at det raskt vart fullteikna. No ønskjer vi å gi fleire høve til å delta, og inviterer difor til nytt møte, denne gongen i Ulsteinvik.

Tid og stad

  • 02. feb. 2026, 18:00 – 20:00
  • Ulsteinvik, Sjøgata 30, 6065 Ulsteinvik, Norge

 

Her får du møte landbrukskontoret og verkemiddelapparatet representert ved Hoppid. Dei vil dele informasjon om ordningar, tilskot og moglegheiter for deg som vurderer tilleggsnæring eller anna utvikling på garden.

I tillegg kjem Terje Grønmyr frå Kråen Gard i Sande kommune. Dei har på kort tid utvikla garden til å bli ein skikkeleg reiselivsdestinasjon med fokus på lokale råvarer. 

Målet med møtet er å inspirere, gi nyttig kunnskap og skape kontakt mellom lokale gründerar og støtteapparatet. Vi ønskjer å stimulere til meir samarbeid, engasjement og verdiskaping i landbruket,  og satsar på skikkeleg inspirasjonspåfyll denne kvelden!

Program

  • Velkomen ved arrangørane Ulstein Næringsforum og Vekst i Hareid
  • Lokalt døme: Terje Grønmyr fortel om satsinga på Kråen Gard
  • Informasjon frå landbrukskontoret v/ Anne Kathrine Løberg
  • Verkemiddelapparatet v/ Robert Voldnes, Hoppid
  • Spørsmål og diskusjon

Det vert lett servering av mat og drikke.

Møtet er gratis.

Meld deg på her!