Ny styrke- og balansegruppe på Hareid sjukeheim

Hareid kommune startar no ei ny treningsgruppe for eldre med behov for betre balanse og styrke. Gruppa blir leia av fysioterapeutane Sofie Gjerde og Sunniva Røyset, og skal møtast kvar tysdag i Vinterhagen på Hareid sjukeheim.

trefigur som strekk henda over hovudet - Klikk for stort bilete Pexels.com

Målet med tilbodet er å gjere deltakarane tryggare i kvardagen gjennom enkle styrke- og balanseøvingar til musikk. Øvingane blir tilpassa kvar enkelt, og deltakarane får òg instruksjon i aktivitetar dei kan gjere mellom treningsøktene.

 

Kven kan delta?

Tilbodet er meint for:

  • eldre personar med redusert balanse
  • personar som går med rullator
  • dei som kan forstå og følgje instruksjonar

 

Praktisk informasjon

  • Tid: tysdagar kl. 13.00–14.00
  • Periode: 10. februar – 24. mars
  • Stad: Vinterhagen, Hareid sjukeheim
  • Pris: eigenandel kr 109 per gong (inntil frikortgrensa)
  • Transport: Pasientreise kan bestillast ved behov (eigenandel gjeld).
  • Hugs å ta med: vassflaske og gode sko

 

Dersom du ikkje kan møte, er det viktig at du gjev beskjed til oss og eventuelt avbestiller pasientreise på telefon 05515.

 

Påmelding

For meir informasjon og påmelding, ta kontakt:

  • Sofie Gjerde: 958 91 289
  • Sunniva Røyset: 958 91 285