Nye opningstider for servicetorget og sentralbordet

Hareid kommune reduserer opningstidene ved servicetorget og sentralbordet.  

dronefoto av Hareid rådhus, teke mot vest. Sol og grøne markar og tre. - Klikk for stort bilete Erlend Friestad

Publikum må difor avtale møte med sakshandsamarar på førehand før dei kjem til rådhuset. Dette sikrar at du får hjelp til det du treng. På heimesida finn du fleire digitale kontaktalternativ, til dømes kontaktinformasjon til tilsette, du kan sjekke fakturaene dine, melde frå om feil på veg eller bestille time med byggesakshandsamar for å nemne noko. Slik kan du enkelt få løyst mange saker utan å måtte møte opp fysisk.

Kontakt oss

Endringane er ein del av vedtekne budsjettkutt for å få betre balanse i kommuneøkonomien.

 

Opningstider

Frå 22. juni vil servicetorget og sentralbordet ha følgjande opningstider:

  • Måndag–torsdag: kl. 12.00–14.00
  • Fredag: stengt for både telefon og drop-in

 

På fredagar blir arbeidsdagen brukt til avtalar og saksbehandling.

 

Sommarstengt i veke 30–32

I samband med sommarferien vil servicetorget vere heilt stengt for publikum i veke 30, 31 og 32.

 

Kvifor reduserer vi opningstidene?

Kommunen er inne i eit større omstillingsarbeid for å tilpasse drifta til økonomiske rammer. Reduserte opningstider og ein mindre bemanning ved servicetorget er ein del av dei vedtekne innsparingane.