OBS: Fare for flaum og jordskred

Store mengder regn kan føre til store omfattande flaum og jordskred onsdag og torsdag.

 

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

OPPDATERING 12. JANUAR: DET ER NO MELDT OM EKSTREMVER OG VARSLA ER HEVA TIL RAUDT. LES MEIR HER

Det er venta mellom 100-150 millimeter regn i løpet av onsdag 12. januar og torsdag 13. januar. Enkelte stader kan det kome opp mot 200 millimeter. Snøsmelting vil føre til ytterlegare vatn i bekkar og elvar.

Dei store vassmengda vil også kunne føre til jord-, sørpe og flomskred.

Begge farevarsla har kode oransje. Det betyr at dette er ei hending som kan få alvorlege konsekvensar og som skjer sjeldan.

Varsla gjeld store delar av Vestlandet og Midt-Noreg.

Kva kan du gjere?

Hald deg oppdatert på situasjonen. Sikre og flytt verdiar bort frå utsette stadar (til dømes kjellarar, bilar mm). Reins stikkrenner, kummer og andre vassvegar for snø/is, jord/grus, kvist/lauv og andre hindringar. Tette vassvegar kan føre til vatn på gale vegar og skred.

Hald deg unna elvar og bekker med stor vassføring og bratte skråningar.

Les meir om varsla her:

Flaumvarsel

Jordskredvarsel

Hareid kommune vidarebringar farevarsel når dei er på oransje nivå eller høgare.