Vi bur oss på regnet – det bør du også

Uteavdelinga på kommunalteknikk er i full gang med å bu seg på regnet som kjem. Du bør også gjere ditt for å hjelpe vatnet på rett veg.

Peder Alme  

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Det er venta store mengder med nedbør i onsdag og torsdag. Så mykje at uveret har fått eit namn: Gyda. Kommunane i fylket har i dag vore i møte med statsforvaltaren. Her blei vi orientert om kva som ventar oss: Ekstremt mykje nedbør som saman med snøsmelting gir ekstremfare for flom og ras. I tillegg vil det bli sterk vind – opptil storm i høgda.

Det er ikkje meldt styrtregn, men jamt mykje nedbør over lang tid. Konsekvensane av ekstremnedbøren vil derfor ikkje kome før utpå torsdagen. Kanskje er det dei siste 10-20 prosentane av regnet som utløyser raset eller får bekken til å finne ein ny veg.

Hareid og kysten vil ikkje få dei største nedbørsmengdene. Medan vi kanskje kan vente 60-80 millimeter med nedbør, ligg det an til at det blir dobbelt og tredobbelt i indre fjordstrøk. Her har dei i tillegg meir snø som kan rase og smelte.

At vi ikkje blir like hardt råka som dei inne i fjorden er ikkje ei unnskyldning for å ta lett på varselet. Vi  bør også bu oss på at det blir vått.

Dei tilsette har derfor vore ute store delar av dagen for å reinse rister, sluker og stikkrenner. Målet er å vassvegane våre skal klare å ta unna det vatnet som kjem og føre det trygt ut i fjorden.

Vi oppmodar alle innbyggarar om å gjere det same.

Vi vil også at du varslar oss om du ser at vatnet er i ferd med å finne nye vegar, at det er tette (kommunale) sluk/ristar og om det går ras eller du ser utglidingar frå elvar/bekkar eller utvaska veg.

I tillegg bør du halde deg borte frå bratte skråningar, elvekantar

Vakttelefonen for veg, vatn og avlaup er døgnbemanna: 970 62 360

Kommunen har dessverre ikkje moglegheit til å bistå på private eigedomar. Kontakt forsikringsselskap - eventuelt naudetatar om det er akutt.