Økonomistatus, samanslåing av råd, kutt i vegvedlikehald – dette er nokre av det som skal opp i formannskapet 27. april - Hareid kommune

Økonomistatus, samanslåing av råd, kutt i vegvedlikehald – dette er nokre av det som skal opp i formannskapet 27. april

Måndag 27. april klokka 12.00 møtast formannskapet. Les samandrag av dei viktigaste sakene her.

Dronebilete frå Åsefjellet retning Hjørungavåg - Klikk for stort bileteÅsenvegen går langs fjorden til høgre i biletet. Formannskapet skal ta stilling til om kommunen skal bidra med vedlikehald av den private vegen. Erlend Friestad

Møtet er som vanleg ope for publikum. Du kan sjå sendinga av møtet direkte eller i opptak, her på nettsida eller på Facebook.

Her kan du lese alle sakspapira.

 

Økonomistatus for februar og mars

Formannskapet skal handsame månadsrapportane for både februar og mars 2026. Rapportane teiknar eit bilete av ein kommune som er midt i ei krevjande økonomisk omstilling, men som samstundes har vist betydeleg evne til å snu ein negativ utvikling. Frå 2024 til 2025 betra kommunen årsresultatet med om lag 60 millionar kroner, noko som vitnar om stor innsats frå tilsette, leiarar og politikarar.

Februarrapporten viser eit samla negativt avvik på nærare 14,9 millionar kroner. Dei største avvika er knytte til utgifter, mellom anna til lisensar, forsikringar og overføringar til andre. Ein stor del av overføringane gjeld utbetalingar ved Hareid mottakssenter og stønad gjennom interkommunalt NAV-samarbeid – pengar kommunen ventar å få refundert frå høvesvis UDI og medlemskommunane. Marsrapporten viser eit samla negativt avvik på om lag 7,4 millionar kroner. Lønnskostnadene er i hovudsak under kontroll, men det er framleis utfordringar knytte til utgifter til straum, kommunale avgifter og lisensar.

Kommunedirektøren innførte innkjøpsstopp i heile kommunen 13. mars 2026, og denne gjeld framleis. Målet om at kommunen skal gå i balanse ved utgangen av 2026 ligg fast, og kommunedirektøren understrekar at alle einingar må halde seg innanfor tildelte budsjettrammer.

 

Skal eldrerådet og rådet for personar med funksjonsnedsetjing slåast saman?

I samband med budsjettprosessen for 2026 vedtok kommunestyret å slå saman eldrerådet og rådet for personar med funksjonsnedsetjing (forkorta RFU) til eitt felles råd. Bakgrunnen var å oppnå enklare administrasjon, færre møte og lågare kostnader. Budsjettforslaget var ute på open høyring i to veker utan at det kom merknader, men i ettertid har dei to råda meldt at dei ikkje fanga opp at samanslåinga var ein del av forslaget. Formannskapet bad difor om ei ny høyringsrunde og ei nærare utgreiing av saka.

Kommunelova seier at kommunane skal ha både eit eldreråd og eit råd for personar med funksjonsnedsetjing. Felles råd kan berre vedtakast dersom lokale forhold gjer det nødvendig, og då krev det høyring og ei tydeleg grunngjeving. Kommunedirektøren legg no opp til høyring i fire veker, der råda og aktuelle organisasjonar skal få kome med synspunkt på tre alternativ: permanent felles råd, felles råd som ei prøveordning ut denne valperioden, eller vidareføring av to separate råd. Ei innsparing på 32 000 kroner er lagt inn i budsjettet for 2026 som følgje av vedtaket om samanslåing. Dersom to råd skal vidareførast, må desse midlane dekkjast inn på annan måte.

Det er kommunestyret som gjer endeleg vedtak i denne saka.

 

Vedlikehald av Åsenvegen

Formannskapet skal handsame spørsmålet om kommunen skal halde fram med å vedlikehalde Åsenvegen. Vegen går frå Sellereite til Lågåsen og er privat, men heilt sidan 1978 har kommunen bidrege med to dagsverk med maskin og tilskot til grus kvart år. Bakgrunnen for den opphavlege ordninga var ein kombinasjon av historiske omsyn og det faktum at vegen er mykje brukt som turveg av ålmenta. I dag nyttast vegen hovudsakleg som tilkomstveg til private hytter og som turveg.

Administrasjonen vurderer at kommunen ikkje har ei varig plikt til å vedlikehalde ein privat veg, og at det å halde fram med særordningar for einskilde private vegar kan skape presedens og uheldige konsekvensar for budsjettet. Det er etablert praksis i kommunen at private eigarar vedlikeheld eigne vegar. Kommunedirektøren tilrår at kommunen avsluttar maskinarbeidet, men vidarefører ei avgrensa ordning der eigarane kan få tilskot til inntil 10 kubikkmeter grus per år, i og med at vegen er mykje brukt som turveg.

Det er kommunestyret som gjer endeleg vedtak i denne saka.

 

Høyring om oppteljing av røyster ved val

Kommunal- og distriktsdepartementet har sendt på høyring eit forslag om endringar i vallova. Forslaget inneber at førehandsrøyster – altså røyster som blir avgitte før sjølve valdagen – som hovudregel skal teljast opp per røystekrins i staden for samla for heile kommunen. Forslaget er ei oppfølging av eit vedtak i Stortinget.

Hareid kommune har utarbeidd eit eige høyringssvar. Kommunedirektøren tilrår at formannskapet seier nei til forslaget. Hovudargumenta er at krinsvis oppteljing vil krevje vesentleg meir ressursar, gjere oppteljingsprosessen langt meir kompleks og auke risikoen for feil. Administrasjonen peiker òg på at dagens ordning fungerer godt og er enkel å forstå for veljarane. Institutt for samfunnsforskning har i si utgreiing peika på at den faktiske informasjonsgevinsten ved å telle røyster krinsvis er avgrensa. Kommunedirektøren tilrår derfor at kommunen sender inn eit høyringssvar der ein går inn for at gjeldande ordning blir vidareført. Fristen for å svare på høyringa er 1. juli 2026.