Omstilling på sjukeheimen – digitalt folkemøte

Du kan sjå folkemøtet direkte her kl 20 onsdag 10. februar. Har du Facebook kan du også sjå det direkte på Facebook-sida til Hareid kommune. 

 

I budsjettframlegget føreslo kommunedirektøren å redusere med åtte sjukeheimsplassar og gjere om 16 plassar til bukollektiv. Kommunestyret har bede administrasjonen om å greie ut konsekvensane av ei omstilling på sjukeheimen før endeleg vedtak.

Denne utgreiinga er no lagt fram for politikarane. Levekårsutvalet skal handsame saka 10. februar, medan ho skal opp i formannskapet 17. februar og kommunestyret 25. februar.

I dette digitale folkemøtet vil konstituert kommunedirektør Kariann Bigseth og konstituert kommunalsjef for velferdsektoren Helga Bøe, fortelje kva som har kome ut av konsekvensutgreiinga.

Dei vil også svare på spørsmål frå brukarar, pårørande og andre.

Ordførar Bernt Brandal vil også vere til stades for å lytte til innspel. Dei andre folkevalde blir oppmoda om å følgje møtet digitalt.

Du kan sende inn spørsmål til møtet allereie no til erlend.friestad@hareid.kommune.no, så skal vi forsøke å svare på dei i møtet.

Det blir også mogleg å sende inn spørsmål og innspel undervegs i møtet.

Dato: onsdag 10. februar kl 20

Du kan sjå møtet direkte eller i opptak på Facebook eller her på kommunen si nettside.

Dersom du har Facebook-konto, kan du melde di interesse for folkemøte ved å trykke delta på Facebook-arrangementet.