Slik kan omstillinga på sjukeheimen bli

Administrasjonen er no ferdig med utgreiinga. Dei rår til at talet på sjukeheimsplassar blir redusert med åtte og at 16 plassar blir gjort om til bukollektiv og at dagsenteret blir avslutta i dagens form.

Klikk for stort bilete Erlend Friestad  

 

Sektor for velferd har dei siste åra hatt eit forbruk som er større enn budsjettet. Befolkningsframskrivingane viser at vi kjem til å få fleire eldre i kommunen innan få år.

Det viser at vi må om stille drifta. I kommunestyremøtet i desember stemte eit samla kommunestyre for at administrasjonen skulle greie ut mellom anna følgande tiltak:

  • Redusere talet på sjukeheimsplassar med åtte.
  • Gjere 16 institusjonsplassar om til bukollektiv

Denne utgreiinga er no klar og blir lagt fram til politisk handsaming no. Fyrst skal levekårsutvalet handsame saka den 10. februar. Formannskapet får ho på bordet 17. februar, medan kommunestyret skal fatte eit endeleg vedtak 25. februar.

Hovudkonklusjonen til administrasjonen er på linje med budsjettframlegget:

  • Talet på sjukeheimsplassar blir redusert med åtte
  • 16 institusjonsplassar blir gjort om til bukollektiv
  • I tillegg rår admininstrasjonen mellom anna til at dagsenteret blir avslutta i den formen det har i dag.

Innsparingane vil gi følgande økonomiske effekt:

Tiltak

Heilårseffekt frå 2022

Innsparing 2021

Reduksjon av 8 plassar

3 400 000,-

1 700 000,-

Omgjering av 16 plassar

500 000,-

100 000,-

Omgjering av dagsenter

1 300 000,-

800 000,-

Utleige av rehab. leiligheter (estimat ut frå snitt med dagens berekning av husleige)

120 000,-

100 000,-

Totalt

5 320 000,-

2 700 000,-

 

I tillegg kjem økonomisk effekt frå dei andre tiltaka som er skildra i saksframlegget. Disse må greiast ytterlegare ut for å kunne berekne potensiell gevinst.  

  • Alternativet til desse innsparingstiltaka er å auke eigedomsskatten

Under får de ein kortfatta oversikt over tiltaka, analyse, konsekvensar og gevinstar.

Arbeidet med konsekvensutgreiing er gjort av to ulike arbeidsgrupper, samansett av einingsleiarar/konstituert kommunalsjef, tillitsvalt og med tilbod til pårørandeforeininga om å delta.

Redusere 8 institusjonsplassar

Hareid kommune har per i dag eit relativt høgt tal på institusjonsplassar/sjukeheimsplassar i høve folketalet. Institusjonsplassar er det øvste trinnet på omsorgstrappa og det som er absolutt mest kostnadskrevjande for kommunen, det er også det trinnet som grip mest inn i brukaren si private sfære og i størst grad reduserer brukaren si moglegheit til å vere «herre i eige hus» og ha kontroll over sitt eige liv. Det er derfor eit mål å redusere på denne typen tenester til fordel for tenester lengre nede på omsorgstrappa, der kostnadane er lågare og tilbodet i større grad kan tilpassast den enkelte brukar.

For nokre brukarar er institusjonsplass det einaste rette, då det berre er i institusjon deira behov kan dekkast. For disse brukarane må vi syte for å fortsatt ha eit tilbod. For dei fleste andre vil tilbod om tenester som grip mindre inn i den private sfære vere betre. Dei fleste eldre har eit klart ønske om å klare seg sjølv og få bu i eigen heim lengst mogleg. For dei vil ikkje langvarig institusjonsopphald på slutten av livet vere eit godt tilbod. Hareid kommune må i større grad syte for å kunne gi gode tilbod til også disse brukarane. Slik den økonomiske situasjonen er i kommunen i dag må vi dessverre bygge opp dette tilbodet parallelt med at vi reduserer talet på institusjonsplassar. Dette er svært krevjande, men med godt samarbeid med tilsette, tillitsvalte, frivillige, brukarar og pårørande trur vi at vi likevel skal få dette til.

Analyse

Risiko- og sårbarheitsanalysen viser at det er særleg fem områder ein må sette inn tiltak på for å få til ein god prosess:

  • Redusert fleksibilitet

Ved å legge ned 8 institusjonsplassar misser ein noko av fleksibiliteten ein har i dag ved å ha fleire moglegheiter til å flytte pasientar til andre avdelingar ved akutte behov for t.d. plass på skjerma avdeling. Dersom reduksjonen skjer samstundes som 16 plassar også vert gjort om til bukollektiv/omsorgsbustadar vil dette redusere fleksibiliteten ytterlegare.

  • Forslag til tiltak:
    • Forskyve iverksetting av omlegging av institusjonsplassar
    • Styrke heimetenesta
  • Oppseiing av tilsette

Reduksjon av tal på institusjonsplassar vil medføre behov for lågare bemanning i sektoren. Det er i denne prosessen viktig å ha god dialog med dei tilsette og tillitsvalte, slik at ein ikkje skaper unødvendig utryggheit for dei tilsette.

  • Forslag til tiltak:
    • God kommunikasjon med og involvering av tilsette og tillitsvalte
    • Støtte og trygge tilsette i prosessen
    • I størst mogleg grad unngå oppseiing av fast tilsett personale
    • I størst mogleg grad redusere bemanninga ved å redusere bruk av ekstravakter og vikarar
    • Vurdere å i større grad ha turnusar som går på tvers av einingane i sektoren
    • Opprette bemanningsteam
  • Bytte arbeidsplass

For ein del tilsette vil utsiktene til å måtte endre arbeidsplass til ei anna eining i sektoren gi utryggheit. For andre vil dette vere ei velkomen endring og moglegheit til vekst og utvikling. Det er i denne prosessen viktig å ha god dialog med dei tilsette og tillitsvalte, slik at ein ikkje skaper unødvendig utryggheit for dei tilsette.

  • Forslag til tiltak:
    • God kommunikasjon med og involvering av tilsette og tillitsvalte
    • Ryddige prosessar basert på behovsdekking når det gjeld kompetanse i einingane, samt tilsette sine ønsker og preferansar
  • Vurdere organisering av natt-tenesta

Ved reduksjon av åtte institusjonsplassar, saman med auka bruk av velferdsteknologi i 2021 må vi vurdere bemanninga på natt. Samla har sektoren åtte nattevakter (tre ved bu- og habiliteringseinga, to i heimetenesta, ei ved bueininga, ei ved skjemaeining og ei ved kortsidseininga).

  • Forslag til tiltak:
    • Etablere nattevaktsteam med nattevakter som jobbar meir på tvers av einingane
  • Einingsleiar og ansvarsområde

Ved reduksjon av plassar må vi vurdere organiseringa i sektoren totalt sett i høve talet på einingsleiarar og fordeling av ansvarsområder. Det er alt i dag ei utfordring med at einingsleiarane i nokre av einingane har for stort ansvarsområde og personalansvar for svært mange tilsette.

  • Forslag til tiltak:
    • Vurdere organisering av einingane

 

Økonomisk konsekvens

Administrasjonen har sett på kva innsparingar som vi per i dag kan talfeste som følgje av reduksjonen av 8 plassar. Grunnlaget er tal frå korttidseininga. Eininga har per i dag 12,28 årsverk i tillegg til einingsleiar og nattevakt. Ved ein reduksjon av fem årsverk viser vedlagt rekneark ei årleg innsparing på i underkant av 3,4 millionar kroner, noko som er noko lågare enn berekninga i handlingsprogrammet.

Vi har då gjort ei berekning av reduksjon i andre utgifter, reduksjon av tilskot frå Husbanken og redusert inntekt frå brukarar er då teke høgde for. Ved berekning av redusert inntekt frå brukarar har ein lagt til grunn dagens bebuarmasse. Tilskotet frå Husbanken vert avslutta i delvis i juni 2022 og i august 2023.

Omgjering av 16 institusjonsplassar til bukollektiv/omsorgsbustadar:

Omgjeringa av institusjonsplassar til bukollektiv/omsorgsbustadar er eit ledd i å ta i bruk fleire trinn i omsorgstrappa. Omgjeringa av plassane vil medføre at brukarane i staden for å flytte inn på institusjon leiger romma sine i tillegg til at dei vil disponere fellesareal i lag med dei andre bebuarane i kollektivet. Dette vil seie at romma i større grad vert bebuaren sin heim som hen sjølv rår over. Det vil verte mindre høve for å utøve tvang overfor bebuarane enn det er i institusjon og bebuarane kan krevje større grad av privatliv enn det dei kan som bebuar på institusjon.

Det er tenkt at disse plassane skal vere for dei bebuarane som har behov som er øvst på omsorgstrappa – steget før institusjon. Dette vil derfor vere eit tilbod med heildøgns omsorg (same bemanning som på institusjon) og med eit høgre servicenivå enn det ein har i andre omsorgsbustadar lengre nede i omsorgstrappa. Mellom anna ser ein for seg at reinhald, matservering, vask av tøy, sengetøy/handkle må vere ein del av tilbodet, då dette er brukarar som i liten grad vil vere i stand til eller ønsker å ivareta dette sjølve. Bebuarane vil nytte sin eigen fastlege og vil kunne søke om hjelpemiddel mv. gjennom Nav.

Dei vil betale ei husleige til kommunen i staden for å verte trekt 75 % av grunnpensjon og 85 % av all anna inntekt i vederlag. For dei fleste bebuarar vil dette løne seg økonomisk og gi ei større grad av økonomisk handlekraft. Bebuarar med låg inntekt vil kunne vere kvalifisert for bustønad gjennom Husbanken sine ordningar, samt andre statleg finansierte ordningar.

Analyse

Risiko- og sårbarheitsanalysen viser at det er særleg ni områder vi må sette inn tiltak på for å få til ein god prosess:

  • Auka administrasjon på koordinering av tenester

Det å bu i omsorgsbustad gir den einskilde bebuar større grad av kontroll over sine eigne disposisjonar og for mange av brukarane vil dette medføre at dei i større grad vil trenge hjelp til det. Dette kan medføre ei auka belastning på pårørande. For dei som ikkje har pårørande som kan hjelpe med dette må vi få på plass andre ordningar for bistand. 

  • Forslag til tiltak:
    • Forventningsavklaring om kva som er kommunale oppgåver
    • Større bruk av frivillige organisasjonar til å hjelpe bebuarar
  • Omsorgsnivå og forsvarlege tenester

Så lenge bemanninga på bukollektivet vil vere tilsvarande som det er i dag, vil kvaliteten på tenestane ikkje verte redusert. Men det kan likevel for den enkelte og for pårørande opplevast slik, ved at ting må gjerast på andre måtar enn i dag. Døme på dette er å søke om hjelpemiddel frå Nav i staden for å få dette frå kommunen, bruke eigen fastlege i staden for sjukeheimslege med vidare. Når det gjeld hjelpemiddel vil dette også ha ei positiv effekt ved at Nav kan tilby betre tilpassa og tilrettelagte hjelpemiddel til den enkelte, enn det kommunen kan.

  • Forslag til tiltak
    • Endre tildelingspraksis
    • Ikkje redusere bemanning/endra kompetanse
    • Avklare plassar (institusjon, bukollektiv, leilegheiter, heimeteneste) og tenesteyting i dei ulike trinna
    • Avklare og lage gode ordningar for bistand til praktiske oppgåver
  • Redusert bemanning kan gå utover pasientsikkerheita (same behov som sjukeheim)

Dersom det vert snakk om redusering av bemanninga på bukollektiva i forhold til dagens bemanning, kan dette få konsekvensar for kompetansesamansetninga vår. Det er frå administrasjonen si side ikkje lagt opp til reduksjon i bemanning ved omgjering til bukollektiv/omsorgsbustadar.

  • Forslag til tiltak
    • Ikkje redusere bemanning ved bukollektiv
  • Auka behov for sakshandsaming og fakturering av tenester

Her må det avklarast om leige av vaskeri, reinhald og liknande skal ligge i husleiga, samt korleis søknad til NAV og behandling av hjelpemiddel skal handsamast. Enkelt vedtak på tenester må reviderast jamleg, so lenge det er snakk om tildeling av omsorgsbustad. Dette slepp ein ved tildeling av fast institusjonsplass. Fordelen med at vedtak vert revidert jamleg er at vedtaket vert betre tilpassa brukaren sitt behov til ei kvar tid.

  • Forslag til tiltak
    • Avklare kva av teneste som skal ligge i husleiga
    • Avklare ansvar knytt til hjelpemiddel
    • Endre tildelingspraksis
  • Fleire arbeidsoppgåver tilsette

Auka belastning på tilsette, tyngre arbeidskvardag. Erfaring frå andre kommunar syner ein meir tungvindt arbeidsmåte med meir koordinering mot t.d. fastlegar, innkjøp av medisinsk forbruksvarer og kontakt mot pårørande og frivillige (for dei utan pårørande)

  • Forslag til tiltak
    • Informasjon og dialog med tilsette
    • God organisering og fokus på arbeid på tvers av einingane
  • Redusert fleksibilitet

Omgjering av 16 institusjonsplassar vil gjere at vi misser noko av fleksibiliteten vi har i dag ved å flytte pasientar til andre avdelingar ved akutte behov for t.d. plass på skjerma avdeling.

  • Forslag til tiltak:
    • Styrke heimetenesta
  • Heimetenesta vert svært stor som ei eining dersom ein skal inkludere bukollektiv (ei av dei største einingane per i dag)

Skal ein lukkast med denne omstillingsprosessen må ein sjå på organiseringa av sektoren og av einingane. Det er alt i dag ei utfordring med at einingsleiarane i nokre av einingane har for stort ansvarsområde og personalansvar for svært mange tilsette.

  • Forslag til tiltak:
    • Vurdere organisering av einingane
  • Reinhald, praktisk bistand eller vask frå reinhaldsavdelinga.

Dersom den enkelte bebuar skal ha ansvar for reinhald av eige rom risikerer vi at dette vert utilstrekkelig ut frå kva standard den enkelte har. Dette kan gi meir sjukdom og vanskelegare å kontrollere smitteutbrot. Dette kan vere særleg risikabelt dersombukollektivet er inne «på» institusjonen.

  • Forslag til tiltak:
    • Reinhald bør vere inkludert i leiga
  • Annleis brukarbetaling ved overgang frå vederlag til fast husleige. Inntekt flytta frå velferd til eigedom

I dag er det sektor for velferd som får vederlagsinntektene frå bebuarar ved sjukeheimen, medan husleigeinntektene frå omsorgsbustadar går til sektor for samfunnsutvikling ved eigedomseininga. Omgjering av plassar til omsorgsbustadar må difor handterast budsjettmessig mellom sektorane.

Fleire område der vi bør sette inn tiltak:

  • Endra legetenester – overgong frå sjukeheimslege til eigen fastlege
  • Fleire oppgåver for pårørande
  • Auka oppgåver for frivillige
  • Sambuargaranti – storleiken på romma kan medføre utfordringar
  • Mindre rom enn tilrådd for omsorgsbustad i bukollektiv (26 kvm + bad). Våre rom er 20 kvm + bad

 

Økonomisk konsekvens:

Administrasjonen har sett på kva innsparingar som vi per i dag kan talfeste som følgje av omgjering av 16 plassar. Det er her lagt til grunn tal frå bueiniga. Reknearket viser ei årleg innsparing på i overkant av 500 000,-, noko som er noko lågare enn berekninga i handlingsprogrammet. Det er lagt til grunn same bemanning som i dag (11,76 årsverk i tillegg til leiar og nattevakt), men ein reduksjon av kostnadar knytt til utgifter, sjukeheimslege, vederlagsinntekter med vidare. Innsparinga i handlingsprogrammet tok utgangspunkt i Sula kommune sine tal ved omgjering og vi ser ikkje vekk frå at innsparinga i realiteten kan verte høgre enn vårt reknestykke.  

Andre tiltak som kan gi positiv økonomisk effekt:

Målet vårt er å få på plass strategiske planar og bruke desse i den daglege drifta. Vi jobbar med å auke forståinga for økonomi i einingane, sektoren og Hareid kommune som heilheit. Dette er noko vi har fokus på og vil sette enda meir fokus på i 2021 og framover. I tillegg må vi jobbe for å ta godt vare på dei tilsette, ikkje berre i omstillingsprosessen, men også vidare framover.

Sektoren har avdekt fleire områder som kan gi innsparingar, slik som:

  • Gevinstar på tvers av einingane
    • Det er i dag til dels tette skott mellom einingane, både når det gjeld tenester til brukarar og disponering av kompetanse. Her ser vi at vi kan ha potensiale til både økonomiske og kvalitetsmessige gevinstar ved å i større grad sjå sektoren under eitt.
  • Tildelings-  og vedtakspraksis, også for kommunale bustadar
    • Justering av tildelings- og vedtakspraksisen er vesentleg for å lukkast med omstillingsprosessane, både når det gjeld økonomiske gevinstar og det å treffe betre når det gjeld den enkelte brukar sine behov. 
  • Andre tiltak med økonomisk effekt
    • Bruk av velferdsteknologi
      • Nytt signalanlegg og ny velferdsteknologi vert installert og implementert i løpet av våren/sommaren 2021. Her må ein nytte dei moglegheiter dette gir oss både økonomiske og kvalitetsmessig.
    • Fokus på nærvær/redusert sjukefråvær vil gi innsparingar
      • Større fokus på og oppfølging av sjukefråvær vil gi ein umiddelbar økonomisk gevinst, samtidig som det betrar arbeidstilhøva og – miljøet i einingane. Dette er særs viktig å ha fokus på i ein omstillingsprosess.
      • Covid-19-pandeminen er slitande for dei tilsette, som har fått auka arbeidsbelastning og som går i konstant beredskap. Det er derfor særleg viktig å ha fokus på dette i tida som kjem.
    • Bemanningsteam
      • Det vert utarbeida eiga sak på dette til formannskapet
      • Tilsette med ønska kompetanse som vert overtallige ved reduksjon kan eventuelt nyttast i bemanningsteamet
    • Kompetanseplan
      • Oppdatering av kompetanseplan og auka fokus på rett kompetanse på rett plass vil verte viktig i tida som kjem.
      • Meir målretta rekruttering og syte for at færre får krav om fast stilling etter arbeidsmiljølova
    • Fagkoordinator rolle og ansvar
      • Einingane har ein eller fleire fagkoordinatorar. Det er behov for ei tydeleggjering av kva som ligg i denne rolla av ansvar og arbeidsoppgåver.
    • Natt-team og sjukepleieteam (betre turnus)
      • Innføring av team som arbeider på tvers av einingane. Til dømes var det i fjor sommar god erfaring med sjukepleiarar som jobba på tvers (hadde ansvar for bueining og skjerma eining)
    • Rehabilitering i heim/kvardagsrehabilitering
      • Fleire kommunar startar rehabilitering av tenestemottakar i heim rett frå sjukehus. Då slepp dei opptrening i institusjon og deretter ny opptrening når dei kjem heim. Heimen er ofte heilt annleis i utforming enn institusjonen. Tenestemottakar må t.d. gå på do, ut av og opp i seng. Mellom anna har Sunndal kommune har god erfaring med dette.
      • Einingsleiar i heimeteneste skriv prosjektoppgåve der dette vert omhandla («Nasjonal helseledelse for primærhelsetenesta»). Korleis ein systematisk betre kan følgje opp helsehjelp etter utskriving frå kommunen, der element frå pasientsikkerheitsprogrammet «I trygge hender 24/7» og gode pasientforløp (KS/Helsedirektoratet) skal prototypast i prosjektet som del i tavlemøter som systematiserer prioritert oppfølging etter utskriving frå sjukehus/korttidsopphald sjukeheim.
      • Kvardagsrehabilitering er vedlikehald av funksjon. I staden for å hente avisa til tenestemottakar, vert avisa henta i lag med brukar. Sånne små gjeremål som er enkelt å ta over for den enkelte, men som då gjer at brukaren vert meir stillesittande.
      • Kanskje bør det tilsettast fleire ergoterapeutar eller miljøterapeutar i heimetenesta for å få ei endring i dagens praksis
  • Førebyggande heimebesøk
    • Systematiske heimebesøk hjå innbyggarar over ein gitt alder for å avdekke framtidige behov og mogleggjere betre tilrettelegging av tenester
  • Etablere nytt Aktivitetssenter
    • Det er ønskeleg å etablere eit Aktivitetssenter der ein samlar alle dagsentertilboda i kommunen under eit. Mellom anna ser ein for seg at nokre av brukarane i eining for bu- og habilitering kan bidra til å drifte delar av tilbodet. Dette vil kunne gi ein meir meiningsfull kvardag for disse brukarane, inntekter til kommunen frå Nav, mindre stigmatisering av brukarar av nokre av dagsentera og andre gevinstar ved større differensiering av brukargruppa
    • For å kunne finansiere dette arbeidet vert det foreslått å avslutte dagsentertilbodet for eldre og psykiatri i dagens form. Dette vil gi ei årleg estimert innsparing på ca. 1,3 millionar
    • Nedlegging av dagsentertilbodet slik det er no vart fremma som eit tiltak frå sektoren inn i budsjettprosessen for 2021, men vart ikkje valt inn av kommunedirektøren då eit godt dagtilbod er ei viktig trinn i omsorgstrappa. Sektoren argumenterer likevel med at dette er ei oppgåve som ikkje er lovpålagt og at dagsenter i den forma og omfanget det har i dag ikkje har særleg preventiv effekt for so mange brukarar. Per i dag er det registrert totalt 10 brukarar av Fellesskapet aktivitetssenter og 27 brukarar av dagsenter for eldre (inkludert bebuarar på Hadartun). Eit nytt Aktivitetssenter vil gi eit betre tilbod til brukarane og i større grad dekke behovet i omsorgstrappa. 
    • Om det vert vedteke å midlertidig avslutte dagsentertilbodet for eldre og psykiatri vi har i dag, bør vi gå i dialog med Frivilligheitsentralen om dei i ei overgangsperiode kan gi eit tilbod til dei som i dag er brukarar av dagsentera. Kanskje kan Frivilligheitsentralen også vere ein god samarbeidspart i utviklinga av Aktivitetssenteret.
  • Leige ut leilegheitene vi i dag nyttar til rehabilitering (to stk.)
    • Dette vil gi ei fast inntekt til kommunen og gjere fleire omsorgsbustadar tilgjengelege
  • Vurdere å endre fastsetting av husleige i omsorgsbustad frå inntektsvurdering til fast/gjengs husleige
    • Det vil verte utarbeidd eiga sak på dette til kommunestyret
  • Flytte ansvaret for barnevern og Nav ut frå sektoren for å gi rom for å konsentrere seg om kjerneverksemda til sektoren
    • Det vil verte utarbeidd eiga sak på dette til kommunestyret
  • Bu- og habilitering
    • Bu- og habilitering er ei stor eining med eit stort og differensiert fagområde. Det er denne eininga som har størst differanse mellom rekneskap og budsjett og det er viktig å kartlegge årsakene til dette. Vi må her sjå på alt frå organisering, drift og finansiering av eininga, og sette i verk naudsynte tiltak for å betre situasjonen.
  • Innsparingstiltak som alt er sett i verk
  • Redusere tal på fagdagar per år (estimert innsparing 300 000,-)
  • Bruk av tilskotsmidlar vi har fått til prosjekt. Der prøvar vi å omdisponere arbeidstida til tilsette slik at vi nyttar fast tilsette i staden for å lyse ut prosjektstillingar
  • Har innsparing på demenskoordinator 100% (halvårseffekt) og kommunepsykolog 100% (halvårseffekt)

 

Vurdering og konklusjon

Hareid kommune må omstille drifta si for å redde kommunen sin økonomiske situasjon og samstundes rigge drifta til å handtere det som kjem i åra framover. Det er viktig at vi no tek dei rette avgjerslene og gjer dei rette grepa for å også i framtida kunne levere dei tenestene innbyggarane våre treng og har krav på.

Ei fortsatt drift av velferdstenestane våre på same måte og til same kostnad som i dag er ikkje berekraftig og framtidsretta. Samstundes er det viktig at vi tek godt vare på både brukarar og tilsette i den omstillinga vi står føre. Målet må vere at ingen fast tilsette misser jobben, men at nedbemanninga vert gjort ved omdisponering, naturleg avgang, mindre bruk av vikarar og ekstravakter/overtid.

I handlingsprogrammet for 2021-2024 er det lagt inn to tiltak til innsparing, reduksjon og omgjering av sjukeheimsplassar, med ei estimert innsparing i 2021 på til saman 3 000 000,- kroner. Ved ein nærare analyse av tala ser vi at innsparinga ved disse tiltaka mest sannsynleg vil gi ei litt lågare innsparing med ei årseffekt på ca. 3,4 millionar for reduksjon og vel 500 000,- for omgjering av plassar.

Der er likevel fleire usikre faktorar som spelar inn ved berekning av innsparingane, mellom anna inntektsnivået til framtidige brukarar av tenestene, om ein klarer å tilpasse organiseringa av sektoren slik at ein kan få turnusen til å gå opp med større innsparing på stillingar ved reduksjon av plassar, organisering av nattevakttenestene, kva nivå vi vel å legge kostnadane på husleige og ytterlegare servicetenester til bukollektivet.

Risiko og sårbarheits-analysane som er utarbeidde gir eit godt bilde på dei potensielle utfordringane og negative konsekvensane ved omstillinga, men ikkje eit like godt bilde av dei moglegheitene og positive konsekvensane dette kan føre til. Det er for både brukarar og tilsette enklast å sjå fordelane ved det som er kjent og utprøvd, og ikkje like lett å sjå korleis endringar kan vere av det gode. Heldigvis har svært mange kommunar gått føre oss med tilsvarande omstillingar som det vi står i no, og jamt over er erfaringane gode.

Det som er viktig er at vi ikkje stoppar etter at vi har gjort disse grepa, men at vi held fram med å utvikle tenester på alle trinna i omsorgstrappa. På den måten vil vi kunne tilby innbyggarane våre og komande brukarar tenester som i større grad er tilpassa deira behov og ønsker. Det er viktig å hugse på at den komande generasjonen av eldre vil ha heilt andre krav og forventningar enn det dagens brukarar har. Komande generasjonar eldre har mellom anna eit heilt anna forhold til teknologi og velferdsteknologien vil følast tryggare og mindre framand for dei enn for mange av dagens brukarar. Stadig fleire vel å sjølve flytte frå store hus som ikkje er livsløpstilpassa – før dei vert pleietrengande – til leilegheiter med livsløpsstandard og som det vil vere enklare å bo i lenger. Kommunen må framover også legge til rette for og sjølv vere med å bygge ut fleire omsorgsbustadar, slik at fleire kan få denne moglegheita uavhengig av økonomisk situasjon og behov. Det er svært viktig at komande omsorgsbustadar legg til rette for samvær med andre, då einsemd er ein av dei største trugslane for å få ein god alderdom.

I handlingsprogrammet er det lagt til grunn halvårseffekt på reduksjon av plassar og heilårseffekt ved omgjering til bukollektiv. Den jobben som er gjort etter budsjettvedtaket viser at dette er noko optimistisk og at det vil vere meir handterleg for både tilsette og brukarar om vi held fast på å redusere plassane gradvis når dei vert ledige i 2021 og at vi satsar på å oppnå halvårseffekt av reduksjonen. Å gjennomføre omlegginga av plassar parallelt med dette kan verte vanskeleg å handtere og det anbefalast at dette utsettast noko. Det kan gjerast ved at det i fyrste omgong berre vil vere ved inntak av nye bebuarar at bukollektiv/omsorgsbustad vert tilbydd og at ein tek sikte på å gradvis få over eksisterande bebuarar på ny ordning fram til nyttår, slik at ein får heilårseffekt frå 2022. Det er også viktig å gjere gode vurderingar av kva institusjonsplassar som skal leggast ned, kva type institusjonsplassar vi skal sitte igjen med og konkretisere korleis tilbodet til dei som skal bu i bukollektiv skal syast saman og koordinerast.

For å dekke opp den manglande innsparinga dette vil medføre vert det anbefalt å starte prosessen med å gjere om dagsenteret med ein gong og få ei størst mogleg effekt av dette i 2021. I tillegg må vi greie ut kva økonomisk effekt vi kan få av å leige ut rehab-leilegheitene og gjere om praksisen ved berekning av husleige på omsorgsbustadar (eiga sak). Parallelt må det jobbast med dei andre innsparingstiltaka som er omtalt i denne saka, som å justere tildelings- og vedtakspraksisen, redusere sjukefråværet i sektoren, få på plass ein ny helse- og omsorgsplan, kompetanseplan og sjå på kva gevinstar vi kan ta ut ved å jobbe meir på tvers av einingane i sektoren. Det er også viktig å sjå på heimetenestene våre og rigge disse til å i enda større grad kunne hjelpe bebuarar til å kunne bo i eigen heim (også der dette er ein omsorgsbustad) enda lengre enn i dag.

 

Alternativ til reduksjon/omgjering av sjukeheimsplassar

Grunngjevinga for at denne saka kjem opp alt no i februar, sjølv om vi gjerne skulle hatt betre tid til å greie ut endå fleire detaljar, er at dersom kommunestyret ikkje gjer vedtak i tråd med dette må vi finne inndekning på minimum 3 000 000,- kroner i budsjettet for 2021 ein annan stad. Slik den økonomiske situasjonen er i kommunen i dag klarer ikkje administrasjonen å finne fleire innsparingstiltak enn det som alt er vedteke i handlingsprogrammet. Det vert difor naudsynt å auke inntektene. Det einaste alternativet vi då har er å auke eigedomsskatten frå 3 til 4 promille, med verknad i 2021. Dette kan seinast vedtakast i kommunestyret i løpet av februar månad. Auke i eigedomsskatten med 1 promille vil gi ei inntektsauke på 3 381 000,- kroner. Ved auke av eigedomsskatten til 4 promille i 2021 når vi taket for mogleg eigedomsskatt. Det er derfor ikkje høve til ytterlegare auke komande år.

I budsjettprosessen hausten 2020 vart det ved vurdering av eventuell auke i eigedomsskatten av administrasjonen lagt vekt på mellom anna den utrygge økonomiske situasjonen fleire av innbyggarane våre er i no som følgje av covid-19-pandemien og vi valte derfor å ikkje fremme dette som eit tiltak. Auke i eigedomsskatten i staden for å gjere naudsynte grep for å rigge velferdstenestene våre er ei kortsiktig løysing og ei løysing som på ingen måte løyser utfordringane vi står overfor i sektor for velferd framover.

Kommunedirektøren tilrår difor ikkje å auke eigedomsskatten i staden for å gjere vedtak om omstilling.

 

Tilrår følgande vedtak

Kommunedirektøren tilrår derfor at kommunestyret fattar følgande vedtak:

  1. 8 institusjonsplassar skal reduserast med verknad frå hausten 2021. Dette skal gjerast på ein slik måte at ingen som i dag har institusjonsplass misser den.
  2. 16 institusjonsplassar skal gradvis gjerast om til døgnbemanna bukollektiv/omsorgsbustad. Omgjeringa skal gi heilårseffekt i 2022.
  3. Prosess for omgjering av dagsenter for eldre og psykiatri vert starta opp umiddelbart. Avslutning av gjeldande ordning skal skje med verknad frå 01.07.2021.
  4. Administrasjonen skal opprette eit prosjekt for å jobbe vidare med gjennomføring av omstillinga med dei tiltaka som er skildra i denne saka, samt syte for realisering av gevinstane.
  5. Formannskapet skal jamleg haldast orientert om framdrifta i prosjektet.