Ønskjer frivillige organisasjonar med på beredskapslaget - Hareid kommune

Ønskjer frivillige organisasjonar med på beredskapslaget

Hareid Rotaryklubb fekk måndag 23. mars besøk av beredskapsrådgivar i Hareid kommune. Møtet markerte starten på ein «turné» der kommunen ønsker å knyte frivillige lag og foreiningar tettare til det lokale beredskapsarbeidet – både for å styrke førebygging og for å stå betre rusta når noko skjer.

to personar oppstilt ved sidan av publikum - sittande i stolar rundt eit bord - Klikk for stort bileteBeredskapsrådgivar Erlend Friestad saman med president i Hareid Rotaryklubb, Karl Johan Bakken - i tillegg til dei møtande medlemmane i Hareid Rotaryklubb. Hanne Rognan

– Frivillige og lokalsamfunnet er ein svært viktig del av beredskapen. På ein mindre stad som Hareid, som også har sterk frivilligheit, er det heilt essensielt å få dei frivillige med på laget, seier Friestad.

På møtet i Rotaryklubben, i klubbhuset til Hareid IL, peikte beredskapsrådgivar Erlend Friestad på at frivillig sektor er heilt sentral for å byggje eit trygt og robust lokalsamfunn.

Frivillige organisasjonar kjenner lokalmiljøet, har breie nettverk og når ut til grupper kommunen ikkje alltid når på eiga hand. Det gjer dei til ein naturleg del av den samla norske beredskapen, også utover dei tradisjonelle beredskapsorganisasjonane.

 

Slik kan frivillige bidra

Under føredraget viste Friestad korleis frivillige kan spele ei rolle både før, under og etter ei hending:

I det førebyggande arbeidet – Ta opp temaet eigenberedskap på medlemsmøte

  • Spreie informasjon og gode haldningar i eige nærmiljø
  • Vere viktige premissleverandørar inn mot medlemmar, næringsliv og innbyggarar

Når ei hending oppstår – Bidra med dør-til-dør-besøk til sårbare grupper

  • Hjelpe med kartlegging av innbyggarar som treng ekstra tilsyn
  • Dele ut informasjon når digitale kanalar fell bort
  • Vere ekstra hender i praktiske oppgåver, særleg ved langvarig straumbrot eller mobilutfall

Frivillige vil vere nyttige i ei rekkje større scenario kommunen har vurdert, som skred, brann, isolerte bygder eller forureina drikkevatn.

 

Besøk til fleire lag etter påske

«Turnéen» held fram etter påske til Hareid sanitetslag og Hareid Lions på lista. Kommunen ønskjer at fleire frivillige organisasjonar tek kontakt dersom dei ønskjer eit tilpassa besøk.

Frivillige organisasjonar som ønskjer besøk, eller berre vil vite meir om korleis dei kan bidra, kan ta kontakt med beredskapsrådgivar Erlend Friestad.

mann som står framfor storskjerm - Klikk for stort bileteBeredskapsrådgivar i Hareid kommune, Erlend Friestad Hanne Rognan