Ope møte om cruiseturismen i Hareid

Kva moglegheiter gir cruiseturismen for lokale verksemder? Hareid Cruisenettverk inviterer til ope møte på Hareid ungdomsklubb onsdag 25. november klokka 18.00–20.00.

Dronefoto av MS Artania til kai ved Hareid. - Klikk for stort bileteMS Artania blei fyrste cruiseskip som besøkte Hareid. Erlend Friestad

Møtet er ope for både eksisterande og nye medlemmar i nettverket, og for alle andre som er interesserte i cruiseturismen i Hareid.

 

Erfaringar og planar framover

På møtet ser nettverket tilbake på dei første cruiseanløpa til Hareid og deler erfaringar frå arbeidet så langt. Deltakarane får også høyre om planane for 2027 og 2028, utviklinga i cruisemarknaden og arbeidet med å utvikle og marknadsføre lokale opplevingar og tenester.

 

Moglegheiter for lokale verksemder

Korleis kan di verksemd ta del i cruiseturismen? Nettverket vil vise korleis nye produkt og tenester, tilpassa tilbod til cruiseturistar og samarbeid mellom lokale aktørar kan skape nye moglegheiter. Det blir også informasjon om fordelane ved å vere medlem i Hareid Cruisenettverk.

 

Tid og stad

Tid: Onsdag 25. november 2026 klokka 18.00–20.00

Stad: Hareid ungdomsklubb

Det blir innlegg frå lokale aktørar, enkel servering og god tid til spørsmål og samtalar.

Ta gjerne med ein kollega. Vel møtt!