Erlend Friestad
Sidan nyttårshelga har sjukeheimen og omsorgsbustadane ved Hadartun vore stengd for besøkande. Årsaka var eit utbrot av det som sannsynlegvis er norovirus. Dette viruset den vanlegaste virus-utløyste årsaka til omgangssjuke. Viruset rammar alle aldersgrupper og fører ofte til utbrot der mange menneske er i nær kontakt, til dømes i institusjonar.
For personar med normalt immunforsvar, varer sjukdomen normalt 1-3 dagar. Eldre og personar med svekka immunforsvar kan få meir langvarig og alvorleg sjukdom.
Utbrotet råka både bebuarar, pasientar og tilsette, men no er situasjonen under kontroll og vi kan derfor ta imot besøk igjen.
Nedvask
Noroviruset smittar gjennom dråpesmitte, og hard omgangssjuke med dei symptoma som det fører med seg, kan spreie viruspartiklar over eit stort område. Det skal også svært få virus til for å bli smitta – berre 10-100 stykk kan gi deg omgangssjuka.
Noroviruset er også notorisk kjend for å vere hardført. Det kan leve lenge på overflatar – opptil fire veker. Det er derfor avgjerande å gjere grundig reint i dei lokala der smitta har råka – slik at ikkje nye personar blir smitta.
På sjukeheimen, der kommunen er ansvarleg for reinhald, har vi gjennomført smittevask der det er naudsynt.
Vi rår til at det same blir gjort i omsorgsbustadane. Dette er private heimar, der det er bebuarane sjølv som er ansvarleg for reinhaldet. Vi oppmodar derfor pårørande til å ta initiativ til at dette blir gjennomført der.
Handhygiene
Sidan viruset kan overleve lenge, er det også særleg viktig med god handhygiene i denne perioden. Då er anbefalinga å nytte grundig handvask med såpe – for å vaske av eventuelle virus. Handsprit har mindre effekt, då noroviruset toler dette.