Hareid kommune
Kulturleiar Melinda Skeide og ungdomsarbeidar Renate Seljeseth Bøe ønskte velkomen og sette tonen for arrangementet.
– Vi har gleda oss lenge til denne dagen, og veit at mange har gleda seg med oss – endeleg er dagen her! Vi har jobba målretta mot dette, søkt midlar og hatt god støtte både frå folkevalde og administrasjonen i kommunen. Det er derfor veldig kjekt at vi no kan tilby gratis utlån av fritidsutstyr gjennom BUA.
Dei retta òg ein stor takk til alle dei frivillige som har bidrege i etableringsfasen, og til dei som skal vere med vidare som frivillige i drifta.
LES OGSÅ: Her kan du registrere deg som lånar - og få all info du treng om BUA
Ordføraren klipte snora
Etter helsingane frå Melinda og Renate, var det klart for snorklipping ved ordførar Bernt Brandal,
– Først vil eg takke alle dykk som har arbeidd for å gjere ønsket om å få BUA også her på Hareid til ein realitet – og seie at eg er både glad og stolt over at vi endeleg kan opne BUA her hos oss. Dette er eit viktig og positivt tiltak for innbyggjarane våre. BUA gjer det lettare for fleire å vere i aktivitet, prøve nye ting og kome seg ut i naturen – utan at ein nødvendigvis må kjøpe alt utstyret sjølv, sa han i opningstalen.
Ordføraren peika vidare på at ordninga både styrkjer folkehelsa, fellesskapet og miljøet:
– Det er bra både for folkehelsa, for fellesskapet i lokalsamfunnet og for miljøet. Når vi deler på utstyr, er det også eit godt døme på berekraft i praksis. Eg er glad for at dette tiltaket har hatt god støtte og forankring politisk i kommunen. Samstundes er dette eit godt døme på kva vi kan få til når kommune, frivillige og ulike støtteordningar arbeider saman.
Hareid kommune
Hareid kommune
Hareid kommune