Erlend Friestad
Sentralbord og servicetorg
Frå 22. juni har servicetorget og sentralbordet desse opningstidene:
Måndag–torsdag: klokka 12.00–14.00
Fredag: stengt for både telefon og drop-in
På fredagar blir arbeidsdagen brukt til avtalar og saksbehandling.
I samband med sommarferien er servicetorget heilt stengt for publikum i veke 30, 31 og 32.
BUA
Frå veke 27-31 er BUA open berre tysdagar klokka 14–16. Dette gjeld fram til veke 32. Frå veke 32 er BUA open tysdagar og torsdagar igjen.
Ungdomsklubb
Ungdomsklubben har ferietilbod i veke 26. Elles er klubben stengd fram til skulestart.
Les meir om ferietilbodet på nettsida til ungdomsklubben.
Hareid legesenter
Hareid legesenter har vanlege opningstider i sommar, men redusert kapasitet på grunn av ferieavvikling. I denne perioden vil legesenteret prioritere øyeblikkeleg hjelp og problemstillingar som ikkje kan vente.
Har du spørsmål om tilbodet i sommar, eller er usikker på om saka di kan vente til fastlegen er tilbake, kan du ta kontakt med legesenteret.
Telefon: 70 30 70 70.
Utanom opningstid kan du kontakte legevaktsentralen på 116 117.
Ved ulukker og alvorleg sjukdom ring 113.
Ressurssenteret
Ressurssenteret er stengt i veke 29, 30 og 31.
Helsestasjonen
Helsestasjonen har vanlege opningstider i sommar.
Biblioteket
Biblioteket har sommaropningstid frå 22. juni til 16. august:
Måndag: stengt
Tysdag: ubemanna klokka 10–11, bemanna klokka 11–15
Onsdag: ubemanna klokka 10–11, bemanna klokka 11–18
Torsdag: ubemanna klokka 10–11, bemanna klokka 11–15
Fredag–søndag: stengt
Nav
Nav har vanlege opningstider i sommar:
Måndag: publikumsmottak klokka 10.00–12.00
Tysdag–torsdag: berre etter avtale
Fredag: publikumsmottak klokka 10.00–12.00