Opningstider på valdagen og under førehandsrøystinga

Valstyret i Hareid kommune  skal avgjere når og kvar du kan røyste i stortingsvalet til hausten.

Bilete av fire røystebåsar. - Klikk for stort bilete Erlend Friestad

Møtet blir halde i samband med formannskapsmøtet 3. februar. 

Alle sakspapir til valstyremøtet kan du lese her.

Sjølve valdagen er 8. september, men du vil kunne røyste allereie frå 1. juli.

Førehandsrøystinga

Administrasjonen har lagt fram forslag om følgande opningstider i førehandsrøysteperioden:

  • ​1. juli til og med 15. august klokka 10-14 på rådhuset 
  • ​18. august til og med 29. august klokka 09-15 på rådhuset
  • 1. september til og med 5. september klokka 10-18 på rådhuset 
  • ​I tillegg langope til klokka 20 torsdag 28. august og 4. september på rådhuset 

Dette er ei innstramming samanlikna med valet i 2023. Detaljert statistikk viser at svært få nytta den utvida opningstida nest siste veka før valet. Den same statistikken viser at det var svært få som røysta i skulen sin sommarferie. Endringane vil derfor ikkje gå utover mange, og det er svært sannsynleg at alle desse vil finne alternative tidspunkt å røyste på.

I tillegg vil det bli røysting på sjukeheimen 2. september klokka 10-14 og tilbod om heimerøysting for dei som på grunn av sjukdom og uførheit ikkje kjem seg til eit vallokale.

Det er også verdt å merke seg at i førehandsrøysteperioden kan du røyste i alle vallokale i heile landet.

Endringane i opningstid gir først og fremst innsparing i tid. Valet er tidkrevjande og mange andre oppgåver blir sett på vent under valgjennomføringa. Vi vil også spare noko på å sleppe å hente inn (betalte) valmedarbeidarar.

 

Valdagen

Også på valdagen er forslaget å stramme inn opningstidene:

  • Hareid krins: Hareid rådhus, ope 09-21
  • Brandal krins: Brandal friskule, ope 15-19
  • Bigset krins: Bigset skule, ope 15-19
  • Hjørungavåg krins: Hjørungavåg skule, ope 15-19

 

I Hareid krins er det ikkje lagt opp til endringar. Årsaka er at det frå media i stor grad blir kommunisert at vallokala er opne frå «ni-ni». Det er døme på at veljarar i andre kommunar, som ikkje følgjer 09-21, har stått på døra og ville røyste både før vallokala har opna og etter at dei er stengde. Det er uheldig.

I krinsane, som i utgangspunktet ikkje følgjer 9-21-opningstida, føreslår valansvarleg å redusere opningstidene med to timar. I tidlegare val har opningstida vore 13-19. Nytt forslag er opningstider frå 15-19.

Dei to timane blir teke i starten av dagen, då er det størst sannsyn for at det ikkje går utover personar i arbeid. Statistikk viser at det i førre val var rundt 200 personar til saman i dei tre krinsane som røysta mellom klokka 13-15. Det er god kapasitet til å ta imot desse i resten av opningstida.

Skulle det vere nokon av desse potensielt 200 krinsveljarane som ikkje har anna høve på valdagen enn å røyste mellom klokka 13-15 , kan dei røyste på rådhuset. Mange veljarar løyser bil uansett for å dra til sitt vallokale, så sannsynet for at nokre av desse 200 avstår frå å røyste, er svært liten. Vi har også ein lang førehandsrøysteperiode som alle kan nytte. 

Vi vurderer det derfor slik at endringa i opningstid i krinsane ikkje bør påverke valdeltakinga og at ho derfor er forsvarleg.