Begge møta er opne for publikum og blir sendt direkte her, eller på Facebook.
Formannskapet. Fullstendige sakspapir kan du lese her.
Kommunestyret: Fullstendige sakspapir kan du lese her.
Sendinga frå formannskapet kan du sjå her:
Opningstider SFO
Forskrifta for skulefritidsordninga i Hareid kommuine har vore på høyring, og skal no endeleg vedtakast. Forskrifta bestemmer mellom anna opningstidene for SFO. Informasjon om denne saka finn du i eigen artikkel her. Kommunestyret skal gjere endeleg vedtak i saka.
Feriestengde barnehagar og makstid
Eit av tiltaka for å redusere driftsutgiftene til sektor for læring og kultur, er å redusere ferieopninga i barnehagane. Per i dag har éin av dei kommunale barnehagane ope i feriane med fire veker ope i juli/august og i påske- og juleferien. Barnehagane skiftar på å halde sommarope. For å trygge barna, følgjer personalet barna og arbeider ved den barnehagen som har ope.
Kommunedirektøren kjem med framlegg om å stenge alle barnehagane i ytterlegare to veker, ferietilbodet vert endra til to veker ope om sommaren. Det vert og gjort framlegg om eit minimumstal på fem påmeldte for å halde ope om sommaren og i påske- og juleferien.
Feriestengd barnehage vil spare kommunen for rundt 600.000 kroner i året.
Utfordringane vil vere mindre fleksibilitet for tilsette og føresette når det gjeld ferieavvikling.
Eit anna forslag for å spare, er anbefalt maksimal dagleg opphaldstid for barn på ni timar per dag. Med avtale og oversikt over opphaldstida til barna, vil styrarane regulere vaktene og regulere arbeidstida til personale når der er flest barn. Ei slik makstid kan derfor gi positive ringverknadar både for barn og tilsette:
- Fleire av personale er på jobb i lengre delar av barnehagen si opningstid.
- Større nærvær av trygge gode vaksne gir mindre stress for barna
- Rolegare barnehagekvardag, tid til kvar enkelt barn.
- Undersøkingar viser at på sikt vil ein mindre stressa arbeidskvardag føre til eit lågare sjukefråvær blant tilsette.
For barn som har behov for anna opningstid, kan det gjerast eigen avtale med styrar og SU.
Kommunestyret skal ta den endeleg avgjersla i saka.
Økonomien i 2024
Formannskapet har fått tilgang til månadsrapporten for november. Den viser at Hareid går mot eit meirforbruk samanlikna med budsjett på om lag 65 millionar kroner.
Du kan lese heile rapporten her.
Eigedomskattenemnd
Eigedomsskatten for 2025 vert utskriven i månadsskiftet januar/ februar, og det må derfor opprettast ny skattetakstnemnd/ sakkunnig nemnd og klagenemnd.
Dei fleste bustadane i Hareid kommune får basert eigedomsskatten på Skatteetaten sitt formuegrunnlag, men det er nokre eigedomar som ikkje er teke med der. I desse tilfella skal eigedomsskattenemnda taksere eigedomane.
Kommunestyret skal gjere endeleg vedtak i saka.
Årsmelding frå medverknadsorgana
Alle dei tre råda våre - ungdomsråd, eldreråd og råd for menneske med nedsett funksjonsevne - skal leggje fram årsmeldingane sine for fjoråret.