Oppgraderingar på Overåsanden

Det har kome nedgraven avfallsløysing ved stranda. I tillegg har vi rydda opp i trea.

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.
Det har no kome to avfallsbrønnar på Overåsanden. Erlend Friestad

Avfallsløysing

Det har kome ny, nedgraven avfallsløysing frå Søre Sunnmøre Reinhaldsverk. Tidlegare har det vore utfordringar i finvêrsperiodar at søppeldunkane blei raskt overfylte. Dette problemet slepp vi no då avfallsbrønnane har mykje større kapasitet.

Hugs at eingongsgrillar eller sigarettsneipar ikkje skal i avfallsbrønnane på grunn av brannfare.

Det blir sett ut eigen konteiner til eingongsgrillar frå 1. mai.

 

Benker og sitjegruppe

Vi held no på å gjere klart for sitjegruppe i nærleiken av monumentet. Det blir også sett opp benk nord for stranda.

 

Tre og buskar

I vinter har vi fjerna ein god del tre som stod langs kanten mellom grassletta og stranda. Fleire av trea hadde starta å rotne innanfrå. Det var også tre som lente seg utover stranda. Det var derfor naudsynt å fjerne desse av tryggleiksomsyn. 

Vi held no på med å vurdere korleis vi skal stelle til området.

I samband med alt arbeidet på Overåsanden har vi hatt dialog og synfaring med arkeolog.