Larysa Parkhomenko
Kjære alle saman,
Når vi no rundar av eit krevjande, men viktig år for Hareid kommune, vil eg først rette ei varm og oppriktig takk til dei som står i det kvar dag: Kommunedirektøren, kommunalsjefar og alle tilsette i heile organisasjonen. De har levert gjennom store omstillingar, stramme rammer og tøffe prioriteringar. De får mykje til med lite – og det gjer de med eit engasjement og ein lojalitet som fortener stor respekt. Tusen takk for innsatsen i 2025.
Dette året har vi verkeleg fått kjenne på alvoret i økonomien. Vi har sett tal og utviklingstrekk som ingen av oss kan ignorere. Samstundes har vi, gjennom grundige drøftingar og gode prosessar, vedteke både budsjett og handlingsprogram som peikar framover – mot ei meir berekraftig drift og ei meir robust framtid for Hareid.
I desse prosessane har Statsforvaltaren vore tydeleg på at kommunane må gjere det dei kan for å maksimere inntektene sine. Vi har lytta, vurdert og analysert. Men vi har òg teke sjølvstendige, ansvarlege val – på vegner av innbyggarane våre og framtida til lokalsamfunnet vårt.
Difor har vi i dag slått fast at Hareid ikkje skal auke eigedomsskatten.
Og det er ikkje fordi situasjonen er enkel – men fordi vi trur på ei klokare og meir berekraftig inntektsstrategi.
Vi veit at den største utfordringa for næringslivet vårt er tilgang på arbeidskraft. Vi veit òg at attraktivitet som bustadkommune er nøkkelen til både økonomisk vekst og levande lokalsamfunn. Og vi veit at nye innbyggarar gir langt meir tilbake – i innbyggjartilskot, skatteinntekter, verdiskaping og frivillig innsats – enn ei kortsiktig auke i eigedomsskatten.
Vi vel difor ein strategi som styrkar Hareid som ein kommune det er rom å leve i, råd å bu i – og lyst å flytte til.
Med eit nytt og attraktivt byggefelt klart, eit næringsliv i utvikling og eit sterkt lokalt engasjement, er dette ei moglegheit vi ikkje har råd til å undergrave.
Eg vil også nytte høvet til å takke det politiske kollegiet for samarbeidet. Vi har hatt ulike inngangar og ulike prioriteringar, men vi har lytta, respektfullt utfordra kvarandre. Det er slik lokaldemokratiet skal fungere. Takk for samarbeidet i året som gjekk – og eg ser fram til halde fram.
Takk òg til næringslivet og alle innbyggarane som driv oss framover. Patriotkapitalen, samspelet mellom kommune og lokalt næringsliv, og evna til å sjå moglegheiter midt i utfordringane – det er verkemiddel vi blir endå meir avhengige av i tida som kjem.
No går vi alle inn i ei tid der vi får puste litt ut. Ei tid der vi får vere saman med dei vi er glade i, og minne kvarandre på kvifor vi investerer så mykje tid, krefter og energi i denne kommunen. For jula handlar om fellesskap – og det er fellesskap vi har rikeleg av her i Hareid.
Med det vil eg takke kvar og ein av dykk for innsatsen i 2025.
Takk for politisk arbeid, for administrativ kraft, for lokalt engasjement – og for alt de gjer for Hareids-samfunnet.
Eg ønskjer dykk alle ei retteleg god jul, ei fredfull og varm høgtid, og eit nytt år med nye moglegheiter.