Pe-vegen i Brandal blir delvis stengd under gravearbeid

Hareid kommune startar tysdag 8. september arbeid med å leggje nye avløpsleidningar i Pe-vegen på Brandal. Arbeidet inneber at delar av vegen blir stengd fram til slutten av oktober.

Prosjektet er ein del av kommunen sitt arbeid med å fornye eldre leidningsanlegg og sikre ei meir framtidsretta handtering av avløpsvatnet.

Berørte innbyggarar vil få informasjon om oppstart og eventuelle endringar på tekstmelding.

 

Delar av Pe-vegen blir stengd

I anleggsperioden vil delar av Pe-vegen vere stengd for trafikk. Sjå kart,

Vegen opp Murabrauta til skulen vil vere open forbi krysset mellom Skulevegen og Pe-vegen.

Kommunen oppmodar trafikantar om å vise omsyn til anleggsarbeidet og følgje skilting på staden.

Pe-vegen vil vere stengd for trafikk mellom dei raude sperringane. kartutsnitt som viser anleggsområde og vegsperringar

Skal erstatte leidning frå 1967

Bakgrunnen for prosjektet er at den eksisterande betongleidninga frå 1967 er fellesleidning der både kloakk- og regnvatn blir transportert i same røyr.

Den gamle fellesleidninga skal no erstattast med eit moderne toleidningssystem:

  • Ei ny leidning for spillvatn (kloakk)
  • Ei ny leidning for overvatn (regn- og smeltevatn)

Det er tidlegare etablert toleidningssystem i begge endar av strekninga. Prosjektet vil knyte desse saman slik at området får eit samanhengande og framtidsretta leidningsnett.

 

Betre for miljø og framtidige reinsekrav

Ved å skilje regnvatn frå kloakk unngår kommunen at store mengder reint regn- og smeltevatn blir sendt til framtidige reinseanlegg.

Dette gir ei meir effektiv drift av avløpssystemet og betre utnytting av reinsekapasiteten.

Den eksisterande leidninga vil bli tetta i enden og liggje att i grunnen.

 

Omfang og gjennomføring

Aurvoll og Furesund skal utføre arbeidet på vegner av Hareid kommune.

Prosjektet har ei samla ramme på 2 millionar og vert finansiert over kommunen sitt VA-budsjett gjennom sjølvkost (vatn- og avløpsgebyra).