Plan for å få fleire på tur

Vi vil ha fleire på tur, og har derfor laga plan for å ta vare på og vidareutvikle stiar og turvegar i kommunen.

Fjellvandrarar på veg ned på Sneldelia - Klikk for stort bileteLikar du å gå tur ute, er det enormt med moglegheiter på Hareidlandet, både oppover og bortover - her frå Sneldelia, med Sunnmørsalpane i bakgrunnen. Erlend Friestad

Planen heiter “Plan for friluftslivets ferdselsårer”. Formannskapet vedtok 10. juni 2025 å leggje denne temaplanen ut på høyring slik at alle kan seie si meining om han. Denne planen er felles for Hareid og Ulstein kommunar, og vil ligge ute til høyring i begge kommunane.

Friluftsliv er viktig for innbyggarane i Hareid kommune når det gjeld helse, trivsel og identitet. For å sikre alle innbyggarane dei beste moglegheitene til å drive friluftsliv, trengst ei planmessig utvikling av friluftslivets viktigaste anlegg. Gjennom ein plan for dette vil friluftslivet også utviklast slik at det i størst mogleg grad bidreg til berekraft

Det overordna målet med prosjektet er å få fleire ut på tur. For å oppnå dette krev det tilgang til gode og attraktive ferdselsårer for friluftslivet, og gjerne der folk bur. Det er difor viktig at kommunen tek var på, vidareutviklar og gjer turvegane betre kjent og tilgjengeleggjort.

I planforslaget er det kartlagt turstiar i Hareid og Ulstein, kvardagsturen eller nærturen, nærturar for skular, barnehagar og eldresenter, universell utforming, padling og sykling. Under kapittelet om inngrep i naturen vert det sett på naturvenleg tilrettelegging, klopping, bruer og steinlegging, grusa turvegar, skilting og merking av stiar, allemannsretten og sporlaus ferdsel og inngrepsfri natur.

Det er utarbeidd ein tiltaksplan som består både av føringar som ligg i prosjektet frå Miljødirektoratet, tiltak som har kome som resultat av kartlegging, analyser prosjektgruppa har utført og nokre utvalde tiltak som er direkte innspel frå innbyggarane.

Planforslaget er utarbeida i Sway og kan lesast på denne lenka.

Eventuelle innspel til planen kan du sende til postmottak@hareid.kommune.no

Høyringsfristen er sett til 30.09.2025