I politirådet møtte Vedrana Terzic (SLT-kontakt Ulstein), Bernt Brandal (ordførar Hareid), Hilde Sæter (politistasjonssjef Hareid og Ulstein), Jarl Martin Møller (kommunedirektør Ulstein), Elin Anja Drønnen (politimeister), Stian Skorgen Scheide (ordførar Ulstein), Henrik Vikebakk Sandstad (politikontakt Hareid og Ulstein), Bent Arild Grytten (kommunedirektør Hareid) og Silje Kirperberg Aksnes (SLT-koordinator Hareid).
Erlend Friestad
På møtet deltok leiinga i kommunane, representantar frå politiet og SLT-koordinatorane. Tema som samfunnstryggleik, førebyggande arbeid, ungdomsmiljø og digital påverknad stod sentralt på agendaen.
Viktig samarbeid for trygge lokalsamfunn
Politimeister Elin Anja Drønnen orienterte om utviklingstrekk innan politi- og beredskapsarbeidet og understreka betydninga av eit tett samarbeid mellom politi og kommunar. Ho peika på at førebygging, tillit og god samhandling er avgjerande for å møte utfordringar både lokalt og nasjonalt.
For kommunane på Søre Sunnmøre er politirådet ein viktig møteplass for å sikre ei felles forståing av lokale utfordringar og koordinere tiltak på tvers av sektorar og kommunegrenser.
Barn og unge i fokus
Eit sentralt tema i møtet var arbeidet med å skape gode oppvekstvilkår for barn og unge. Deltakarane drøfta korleis kommunane og politiet saman kan bidra til å førebyggje utanforskap, styrke inkludering og sikre at barn og ungdom har tilgang til gode og trygge fritidsarenaer.
Det vart også orientert om arbeidet med førebygging av radikalisering og ekstremisme, og om korleis ulike aktørar samarbeider for å styrke fellesskap, deltaking og tilhøyrsle i lokalsamfunnet.
Samfunnstryggleik og digitale utfordringar
I tillegg til det tradisjonelle førebyggande arbeidet vart det sett søkelys på samfunnstryggleik, beredskap og utfordringar knytte til sosiale medium og digital påverknad. Deltakarane peika på behovet for god digital dømmekraft og kjeldekritikk blant både unge og vaksne.
Politiet og kommunane var samde om at den digitale utviklinga stiller nye krav til førebygging og samarbeid, og at dette vil vere viktige tema også i åra framover.
Vil vidareføre det gode samarbeidet
Politirådet konkluderte med at samarbeidet mellom Ulstein kommune, Hareid kommune og Politiet fungerer godt. Partane uttrykte eit felles ønskje om å vidareføre og styrkje samarbeidet innan førebygging, beredskap og oppvekstarbeid. Målet er at Ulstein og Hareid framleis skal vere trygge og attraktive kommunar å bu, arbeide og vekse opp i.
Kva er ein SLT-koordinator?
SLT-koordinatoren samordnar det lokale rus- og kriminalitetsførebyggjande arbeidet mellom kommunane, politiet og andre samarbeidspartnarar. Målet er å bidra til trygge og gode oppvekstvilkår for barn og unge.
I Ulstein og Hareid arbeider SLT-koordinatorane med å leggje til rette for samarbeid, informasjonsdeling og tidleg innsats. Dei samarbeider tett med skular, helsetenester, frivillige organisasjonar og politiet for å førebyggje utanforskap, rus og kriminalitet, og for å styrkje trivsel og inkludering blant barn og unge.
Gjennom SLT-modellen samarbeider kommunane og politiet om eit felles mål: å skape trygge oppvekstmiljø og gode lokalsamfunn for barn og unge i Ulstein og Hareid.