Pranaya Selva (14) frå Hareid er teke ut til landsfestivalen i UKM!

- Eg tenkte endeleg skjer det! Eg blei veldig glad og måtte fortelje det til mamma og pappa med ein gong, fortel Pranaya om då ho fekk beskjeden om at ho skal representere Hareid på landsfestivalen.

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

UKM (Ung kultur møtest) er ein landsdekkande kulturmønstring der ungdomar i alderen 13-20 deltek med ulike kulturuttrykk som musikk, teater, dans, bildekunst – eller bak scena som arrangør eller produsent. I tillegg til festivalane på fylkes- og landsnivå, blir det arrangert workshopar både lokalt og regionalt.

Pranaya er elev på Hareid kultur- og musikkskule, der ho no vil øve og terpe på songen ho skal delta på i UKM-festivalen i Trondheim i juni. Men kva song ho skal synge, vil ho ikkje røpe. Det skal vere ei overrasking.

Sjølv om Pranaya berre går i niande klasse på Hareid ungdomsskule, er ho ikkje ukjend med å stå på store scener. Ho har mellom anna opptredd på Hareidsstemna.

Ho kjem frå ein familie der musikk betyr mykje. Sjølv høyrer ho på musikk heile tida, når ho går til skulen, når ho gjer lekser eller før ho skal sove. Favorittane er popartistar som Ariana Grande eller Selena Gomez, men ho er også glad i «dei gamle» artistane som Whitney Houston.

- Men det store forbilde mitt er pappa. Han er også veldig glad i musikk og går rundt og syng heile tida heime han med, seier ho.

Landsfestivalen kjem forhåpentlegvis berre til å bli eit førebels høgdepunkt, for Pranaya har lyst til å halde fram med musikk.

- Det er mange som har sagt at eg skal prøve meg på the Voice eller Idol, så kanskje eg kjem til å dra dit om det går.

På Hareid samarbeider UKM med Hareid musikk- og kulturskule. Gjennom arbeidet på workshopane i haust blei fem nominert til å delta på fylkesfestivalen. Heile to desse blei teke ut til UKM-festivalen for heile landet. I tillegg til Pranaya, blei Arja Hole Grimstad nominert, men ho hadde ikkje høve til å delta på landsfestivalen.

Hareid kommune ønsker Pranaya all mogleg lukke til i Trondheim!