Fem Hareidsungdomar reiser til UKM (Ung Kultur Møtast)

Årets fylkesfestival har ca. 300 påmeldte deltakarar og går av stabelen frå 10. til 13. oktober i Eidehallen i Hustadvika kommune.

Bilete av 6 personar - ein vaksen og 5 ungdomar. - Klikk for stort bileteKreative ungdomar på besøk: Framme frå venstre: Lineah Thorsø Åsmo, Klara Ferlic Jakomin og Pranaya Selva. Bak frå venstre: Kulturkonsulent Melinda Skeide saman med Jetmund Liaset-Rætta og Arja Hole Grimstad. Johanne Krogstadmo  

Frå Hareid skal ein fin liten gjeng reise ilag med kulturkonsulent Melinda Skeide til Fylkesfestivalen, og førre veke var dei samla på rådhuset for å planlegge litt, og ikkje minst - bli litt betre kjent med kvarandre.

Melinda fortel at dei fem er nominert utifrå eit samarbeid med Hareid Musikk- og Kulturskule og ulike workshops som er gjennomført dei siste månadane.

– Vi gler oss veldig til dette, og trur det skal bli nokre kjekke dagar med workshops, utstillingar og ulike forestillingar på scene. Veka vert avslutta med ein stor UKM-parade gjennom Eide sentrum!

Hovudfokuset er å skape en festivalfølelse og å skape et UKM som er meir mangfoldig enn nokonsinne og med et stort sosialt fokus. 

Ho fortel vidare at Hareid kommune samarbeidar med Ulstein kommune om ulike UKM-aktivitetar, men i år har vi ikkje arrangert det tradisjonelle UKM-showet. Istaden har vi satsa på fleire ulike arenaer og scener der barn og ungdom mellom 10 og 20 år har fått vist seg fram. Resultatet av dette ser vi no – 5 kjekke ungdomar frå Hareid er nominert.

Vi har spurt dei fem om å fortelje litt om seg sjølv og kvifor dei vil vere med:  

Klara (14)

– Eg fekk ein mail om aktivitetar som eg kunne vere med på i ferien og vart med på teikneseriekurs fordi eg syntes det høyrdest gøy ut. Eg har lest mykje og har alltid likt å teikne. Så når eg les, eller opplever noko så prøver eg å få det eg tenker på akkurat då ut og ned på papiret. Eg laga ein teikneserie der eg prøvde å få fram kva eg følte ein gong eg måtte gjere noko eg ikkje hadde lyst til. Synes ikkje det er det beste eg har laga, men alle synes den er fin! Eg likar å snakke med folk og UKM blir sikkert megabra!

Lineah (13)

– Eg var med på både teikneseriekurset og workshopen for redesign. På redesign laga eg ei skjorte der eg blant anna brukte restar av ei dongeribukse til armar. Vart ganske stilig. Eg likar å gjere masse forskjellige ting – teikne, male og sy – og har lyst til å lære meir!

Jetmund (14)

– Eg går i 9. klasse og var i år med på sommarkonserten til Hareid musikk- og kulturskule. Der vart eg vald ut til å reise til UKM. Eg likar å synge og det går mest i pop, men eg likar mykje anna type musikk også. Og så likar eg dans og trenar på Aktiv-senteret. Elles sit eg i Ungdomsrådet og eg er med i Ungdomsklubben. Håper å bli kjent med mange på UKM!

Pranaya (14)

– Eg går også i 9. klasse og på Kulturskulen og interessene mine er song og dans. Har vore med og opptrådt mange gongar, blant anna på Hareidsstemna. Er med i Ungdomsrådet og er aktivt med i Ungdomsklubben. Likar også å teikne og male. Eg har vore med på UKM tidlegare, og det er alltid like spennande å vere med og å sjå kva som skjer!

Arja (16)

– Eg går i 1. klasse på vidaregåande Eg skulle eigentlig berre vere med og hjelpe til på ein workshop for redesign og enda opp med å bli med til UKM! Det vert sikkert kjempekjekt! Eg likar å holde på med både redesign og broderi – og det har blitt ein del korssting etter kvart! Når eg har laga noko legg eg bilete av det på Instagram. Likar å skape litt kule motiv og tek med to av desse til UKM. Elles trener eg taekwondo på fritida. Eg er spent på kva eg får oppleve på festivalen. 

 Dette er UKM (Ung Kultur Møtast)

  • Eit offentleg kulturtiltak for ungdom mellom 13 og 20 år, som vert arrangert kvart år rundt om i heile landet.
  • Under UKM viser deltakarane fram kva dei kan innan kulturelle uttrykk som musikk, teater, dans, film eller visuelle uttrykk som bilete og skulptur. Ungdomane kan og delta bak scenen, i UKM Media eller som arrangør.
  • UKM er ein arena der ungdom møter ungdom, der kultur vert utveksla, utan konkurranse, men med tankar om utvikling, læring og samhold. Kort sagt; UKM skal vere Norges viktigste kulturelle møteplass for unge. 
  • UKM er ikkje meint å vere ein konkurranse, men personar eller grupper kan likevel gå vidare i eit system på tre nivå; lokalmønstring i kommunane, fylkesmønstringar og til slutt den nasjonale UKM-festivalen.
  • Hareid kommune har 5 deltakarar som skal reise på fylkesmønstring.

Her kan du lese enda meir om UKM