Råd for arrangement i sørgeperioden

Regjeringa har erklært nasjonal sørgeperiode fram til gravferda til kong Harald. I denne perioden er det opp til arrangør å vurdere kva som skal gjennomførast av arrangement.

flagg på halv stong på Bigset skule - Klikk for stort bilete Erlend Friestad

Råda under er henta frå rettleiaren regjeringa har gitt ut i samband med kong Harald Vs bortgang.

Generelle råd for markering

Det kan vere naturleg at næringsliv og offentlege tenester markerer den nasjonale sørgeperioden. Dette kan til dømes skje ved at det blir halde eitt minutts stille, sett fram bilete av kong Harald eller tent lys.

 

Private arrangement

Private arrangement som bursdagsfeiringar, dåp, namnefest, konfirmasjonar, bryllaup og gravferder kan gjennomførast som normalt, med mindre arrangøren sjølv ønskjer noko anna.

 

Kultur- og idrettsarrangement

Kultur- og idrettsarrangement kan gjennomførast som planlagt, og underhaldningsarenaer kan haldast opne, med mindre arrangør eller eigar sjølv ønskjer å avlyse, utsetje eller stengje.

 

Det kan vere naturleg at arrangørar markerer den nasjonale sørgeperioden. Dette kan til dømes skje ved at det blir halde eitt minutts stille, at nasjonalsongen blir spela i starten av arrangementet, og/eller at utøvarar ber svarte armband.

 

Flagging på halv stong

Det vil bli flagga på halv stong frå kongelege residensar, statlege bygningar og militære forlegningar. Andre som ønskjer å vise respekt ved å fire flagget på halv stong, kan følgje denne rettleiinga om flagging på halv stong i samband med kong Harald Vs bortgang.

Hareid kommune vil flagge på halv stong frå rådhuset, Tusenårsplassen og sjukeheimen i denne perioden. I tillegg vil skulane flagge på halv stong tilpassa aktivitetane sine.

 

Sørgegudstenester og lokale markeringar

Den norske kyrkja vil arrangere sørgegudstenester over heile landet første søndag eller onsdag etter dødsfallet, som alle er velkomne til å delta i. Andre trussamfunn, organisasjonar, utdanningsinstitusjonar og andre verksemder kan også arrangere markeringar for å minnast kong Harald si teneste for Noreg.

 

Arrangement på gravferdsdagen

På sjølve gravferdsdagen kan arrangørar vurdere å avlyse eller utsetje arrangement eller stengje underhaldningsarenaer. Ei slik avgjerd må takast i den enkelte organisasjonen. Dersom kultur- eller idrettsarrangement eller andre arrangement er planlagde på gravferdsdagen, kan arrangøren også vurdere å justere tidspunkta slik at dei ikkje fell saman med gravferdsseremonien og tilhøyrande prosesjonar.

Gravferdsdagen er ikkje ein offisiell fridag, men den enkelte skulen, den enkelte studiestaden og den enkelte arbeidsgivaren kan vurdere om det er mogleg å la elevar, studentar og arbeidstakarar følgje gravferda gjennom TV-sendingane. Det vil vere naturleg å vise særleg omsyn denne dagen. Til dømes bør ein vurdere å stanse støyande arbeid medan gravferda går føre seg.

Gravferdsdagen til kong Olav 30. januar 1991 var ikkje ein offisiell fridag, men mange fekk likevel fri eller permisjon i praksis. Store delar av landet følgde seremonien på TV.

På gravferdsdagen blir kong Harald mint med eitt minutts stille over heile landet frå kl. 13.00 til kl. 13.01. Stilla blir innleidd med tre klokkeslag frå alle kyrkjene i landet. Når minuttet er gått, markerer tre nye klokkeslag at stilla er over.

 

Meir informasjon

For meir informasjon, sjå www.regjeringen.no eller www.kongehuset.no.

Kommunar, fylkeskommunar, verksemder, organisasjonar eller innbyggjarar som har fleire spørsmål, kan vende seg til det lokale statsforvaltarembetet sitt, sjå www.statsforvalteren.no. Alle spørsmål skal rettast til statsforvaltaren, uavhengig av kva sektor spørsmålet gjeld.