Erlend Friestad
Her kan du lese alle sakspapira for kommunestyret og formannskapet
Kommunestyret startar klokka 18.00, i kommunestyresalen. Klokka 17 skal også formannskapet møtast for å handsame måndadsrapporten for mai. Begge møta er opne for publikum. Du kan også sjå videosending direkte eller i opptak her eller på Facebook-sida vår.
Nedanfor finn du ei oversikt over nokre av dei sentrale sakene som skal behandlast.
Omsorgsbustadar ROP – val av tomt
Saka gjeld plassering av tre minihus for personar med rus- og psykiatrivanskar (ROP). Kommunen har vurdert 13 moglege plasseringar etter fleire kriterium, som til dømes tilgang til infrastruktur, trafikktilhøve og omsynet til brukarane.
Administrasjonen rår til ei løysing der bustadane ikkje blir samla på éin stad, men fordelte på fleire område. Bakgrunnen er erfaringar som viser at ei slik spreiing kan gi betre balanse mellom integrering, tryggleik og nabosituasjon.
Formannskapet har gjort vedtak om å innstille på ei 2–1-løysing. Det inneber at bustadane blir fordelte på to område, med følgjande prioritering av tomter: tomt 2, tomt 11 og tomt 5.
Formannskapet innstiller på at kommunestyret vedtek ei fordeling av ROP-bustadane på to område, med prioritering av tomt 2, tomt 11 og tomt 5.
Økonomirapportar
Kommunestyret skal handsame rapporten for økonomien i årets første fire månader. Tala viser eit meirforbruk på om lag 3,3 millionar kroner så langt i år, og ein prognose på over 13 millionar kroner i minus ved utgangen av året dersom det ikkje blir sett inn nye tiltak.
Samtidig er inntektene høgare enn venta, og lønsutgiftene lågare enn budsjettert. Det er likevel store variasjonar mellom sektorane, og nokre område har vesentlege overskridingar.
Renteutviklinga og kostnader innan til dømes sosiale tenester gjer situasjonen usikker framover, og kommunen må følgje utviklinga tett.
Formannskapet innstiller på at kommunestyret godkjenner økonomirapporten for 1. tertial 2026 slik den ligg føre.
Formannskapet skal også handsame mai-rapporten. Den viser eit meirforbruk på nesten 5 millionar kroner. Kommunen har framleis god kontroll på lønsutgiftene, med eit mindre mindreforbruk, medan samla utgifter ligg om lag 10,3 millionar kroner over budsjett. Samtidig er inntektene høgare enn venta, med om lag 5,1 millionar kroner over budsjett.
Utviklinga i renta, som har gått opp i staden for ned, skapar framleis usikkerheit for resten av året.
Nivå på budsjettering i økonomiplanen
Politikarane skal ta stilling til kor detaljert budsjettet skal vedtakast framover. Administrasjonen har tilrådd at budsjettet skal vedtakast på sektornivå, men formannskapet har gått for ei anna løysing.
Bakgrunnen for saka er mellom anna krav frå statsforvaltaren om betre samsvar mellom budsjett og faktiske tiltak. Samtidig handlar saka om korleis ein best kan styre økonomien og sikre gode prosessar internt.
Formannskapet har vedteke å innstille på at budsjett og økonomiplan framleis skal vedtakast på einingsnivå, slik som i dag. Det er også lagt vekt på å involvere tillitsvalde tidleg i prosessen og etablere felles rammer for budsjettarbeidet.
Formannskapet innstiller på at kommunestyret vedtek å halde fram med budsjettering på einingsnivå, og at tillitsvalde skal involverast tidleg i budsjettprosessen.
Samanslåing av råda for eldre og personar med funksjonsnedsetting
Saka gjeld om kommunen skal ha eitt felles råd eller to separate råd for eldre og personar med nedsett funksjonsevne. Dette har tidlegare vore vedteke som ei samanslåing, men saka har vore på ny høyring etter innspel frå råda og organisasjonar.
Høyringssvara peikar på at lovverket har separate råd som hovudregel, og at eit felles råd kan gi eit svært breitt saksfelt og svakare medverknad for enkelte grupper. Samtidig er det også argument for enklare organisering og færre møte.
Formannskapet har valt ei løysing med to separate råd, men med felles møte i saker av felles interesse, og med ansvar for å utarbeide nytt reglement.
Formannskapet innstiller på at kommunestyret vedtek å vidareføre to separate råd, med felles møte for saker av felles interesse og nytt reglement for arbeidet.
Nasjonaljubileet 2030 – jubileumsstafett
I 2030 er det 1000 år sidan slaget på Stiklestad, og dette skal markerast over heile landet. Hareid kommune er invitert til å delta i ein jubileumsstafett som kjem til regionen i 2029.
Dersom kommunen deltek, handlar det mellom anna om samarbeid med andre aktørar, utvikling av lokale arrangement og moglegheit til å søkje om tilskot til aktivitetar.
Formannskapet har slutta seg til tilrådinga om å delta vidare i arbeidet med jubileet, i samarbeid med Valldal 2029 og Musea Arven.
Formannskapet innstiller på at kommunestyret vedtek å anerkjenne jubileumsarbeidet og arbeide vidare med deltaking i Nasjonaljubileet 2030.
Endring av samarbeidsavtale med helseføretaket
Kommunestyret skal ta stilling til endringar i samarbeidsavtalen mellom kommunane og Helse Møre og Romsdal. Endringa gjeld kven som skal representere partane i det strategiske samarbeidsutvalet.
Bakgrunnen er at dagens struktur ikkje alltid har vore eigna til å handtere overordna og strategiske saker. Med nytt forslag skal representantar frå øvste leiarnivå delta for å sikre betre forankring og samarbeid.
Endringa skal også bidra til meir forpliktande samarbeid og betre dialog mellom kommunar og sjukehus.
Formannskapet innstiller på at kommunestyret vedtek å endre samarbeidsavtalen med ny samansetjing av representantar, med verknadsdato 1. oktober 2026.
Vedlikehald av Åsenvegen
Saka gjeld ein privat veg som kommunen historisk har bidrege til å vedlikehalde. Spørsmålet er om kommunen framleis skal ha ei rolle i dette arbeidet.
Administrasjonen peikar på at det er vanleg praksis at private eigarar har ansvar for eigne vegar, og at kommunen ønskjer å redusere sitt ansvar av omsyn til økonomi og prinsipp om lik handsaming.
Det er foreslått å vidareføre ei avgrensa ordning der eigarane kan få tilskot til grus, men utan at kommunen gjer sjølve vedlikehaldsarbeidet.
Formannskapet innstiller på at kommunestyret vedtek å avslutte ordinært vedlikehald, men vidareføre ei avgrensa ordning med tilskot til grus.