Saker til formannskap og kommunestyre i junimøta

Hareid formannskap og kommunestyre skal møtast 20. og 22. juni.

Dronebilete av Åsefjellet og innover Vartdalsfjorden - Klikk for stort bilete Erlend Friestad  

Dei fleste sakene skal opp i begge organa, der kommunestyret fattar endeleg vedtak.

Under følgjer eit samandrag av sakene og saklista.

Begge møta er opne for publikum. Formannskapsmøtet startar klokka 12, medan kommunestyremøtet startar klokka 17.

Du kan anten møte fysisk på rådhuset eller sjå dei direkte (eller i opptak) på nett.

(Formannskapet har planlagt synfaring på friområdet på Nessetelva i staren av møtet. Fyrst vil det bli gitt ei orientering om prosjektet. Deretter blir sendinga stoppa, før ho startar opp igjen når formannskapet er tilbake på rådhuset. Kommunestyret skal ete rjomegraut i starten av møtet, så sendinga startar ikkje før etter dei er ferdige.)

Du kan lese alle sakspapir og få oversikt over alle sakene her (formannskapet) og her (kommunestyret).

Sending frå formannskapsmøtet, del 1:

Sending frå formannskapsmøtet, del 2:

Kommunestyret del I:

Kommunestyret del II:

Rekneskap og årsrapport

Dei viktigaste sakene i desse møta er rekneskapet og årsrapporten for 2021.

Her gjer administrasjonen opp status på året som har gått. Kommunen har hatt eit «overskot» som blir sett på disposisjonsfondet for å kunne nyttast til uføresette utgifter mellom anna. Dette overskotet skuldast auke i finansinntekter – og ikkje reduksjon i utgifter. Trass i effektiv drift er den underliggande drifta for kostbar. Kommunen må jobbe kontinuerleg med omstillingsprosjekt for å få betre samsvar mellom inntekter og kostnadar. Eit meirforbruk i drifta svekkjer den økonomiske handle-evna over tid.

Her kan du lese heile årsrapporten. (PDF, 10 MB)

Saka skal handsamast både i formannskapet og kommunestyret.

 

Kollektivtilbodet på øya

Ruteendringsprosessen for ferje-, hurtigbåt- og bussruter er ein årviss aktivitet med målsetting om å optimalisere kollektivtilbodet i fylket, innanfor tilgjengelege økonomiske og fysiske rammer.

Saka har tidlegare vore handsama i levekårsutvalet (LKU) og næring- og miljøutvalet (NMU). LKU vedtok administrasjonen si tilråding. Det same gjorde NMU, men dei hadde også to tillegg:

Administrasjonen ber om at det busstilbodet mellom Hareid og Ulsteinvik blir utvida slik at det er avgangar på fredag- og laurdagskveldane fram til midnatt. NMU ber i tillegg om at busstilbodet til Ulsteinvik korresponderer med siste hurtigbåt frå Ålesund 23.45.

NMU ber også om at flybuss- og hurtigbåttilbodet blir utvida slik at passasjerar som kjem med siste fly til Vigra har eit kollektivtilbod til Søre Sunnmøre.

Saka skal handsamast i både formannskap og kommunestyre.

 

 

Hareid sitt bidrag til TV-aksjonen 2022

TV-aksjonen NRK 2022 går til Leger Uten Grenser sitt arbeid for å gi livreddande helsehjelp og medisinar til menneske som trenger det mest. Med året sin TV-aksjon skal vi bidra til å forebygge epidemiar og behandle kjente og ukjente sjukdommar i fire land: Bangladesh, Den sentralafrikanske republikk, Den demokratiske republikken Kongo og Sierra Leone. I år går TV-aksjonen av stabelen søndag 23.oktober.

Tradisjonelt er det formannskapet som har vore kommunekomité for TV-aksjonen, med ordførar som leiar. Administrasjonen føreslår det same i år. I tillegg legg administrasjonen fram forslag om at kommunen skal løyve 15.000 kroner til TV-aksjonen – noko som svarer til om lag 3 kroner per innbyggar.

I denne saka er det formannskapet som fattar endeleg vedtak.

 

Kva skal vi gjere med hamna?

Hareid kommune har eit omfattande planverk på fleire sentrale område, men saknar ein strategisk hamneplan.  Ein strategisk hamneplan vil kunne fungere som eit viktig styringsverktøy for forvaltning og utvikling av hamna i Hareid.

Hamnevesenet ynskjer å legge til rette for medverknad i samband med planarbeidet. I tillegg til dialogmøte med næringsliv, brukarar og relevante offentlege instansar, kan det og verte aktuelt å vurdere ein enno breiare medverknad, til dømes i frå innbyggjarar i kommunen.

Administrasjonen tilrår at det blir sett ned ei styringsgruppe som skal drive fram hamneplanen med følgande hovudmål:

  • Hamna skal ha eit miljø-, folkehelse- og ressursperspektiv i all si verksemd 
  • Hamna skal bidra til å styrke og utvikle næringslivet i Hareid
  • Hamna skal oppretthalde og vidareutvikle hamnefasilitetane i kommunen med fokus på berekraft og på følgjande hovudmål:
  1. oppretthalde og styrke sjøveges transport over hamna i Hareid
  2. bidra til å legge til rette for gode hamnefasilitetar for alle relevante næringsaktørar i kommunen
  3. bidra til å ta vare på kystlina i Hareid som gode fritids- og rekreasjonsområde, i område der dette ikkje kjem i konflikt med etablerte næringsinteresser
  4. verte den føretrekte gjestehamna på søre Sunnmøre  
  5. bidra til ei heilskapleg utvikling av dei offentlege og private hamnene i Hareid

Saka skal handsamast i både formannskap og kommunestyret.

 

Kven skal tildele bustadar for vanskelegstilte?

Lovverket gir kommunestyret stort mynde til å bestemme kva som skjer i kommunen. Dei har likevel ikkje mogleg eller kapasitet til å gå inn i alle enkeltsaker. Derfor delegerer oppgåver og mynde dei til andre organ og administrasjonen. Denne delegeringa er regulert i eit delegasjonsreglement.

Dette reglementet må oppdaterast og justerast når det kjem nye føresegn eller når vi ser at det ikkje er komplett eller funksjonelt. No viser det seg at helse- og omsorgstenestelova ikkje er tatt inn i delegeringsreglementet. Dette er avgjersler som kommunestyret ikkje har kapasitet til å handsame. Ein kan ikkje vente at eit kollegialt, politisk organ skal kunne ha fagleg kompetanse til dette og ikkje minst er det som regel krav til at sakshandsaminga må kunne utførast på kort tid. 

Helse- og omsorgslova regulerer tildeling av bustadar for vanskelegstilte. Dette er eit komplekst fagområde der ein må rekne med eit stort spekter av utfordringar.  Det seier seg difor sjølv at den helsefaglege kompetansen må stå sentralt, medan den byggfaglege kompetansen vert av meir sekundær art.  Føresegna bør difor delegerast til kommunalsjefen for Velferd då rett kompetanse ligg i nemnte sektor.  Slik delegering er og i tråd med delegeringa som vart gjort i den førre utgåva av delegeringsreglementet.

Saka skal opp i både formannskap og kommunestyret.