Saker til formannskapet 15. mars

Nytt reglement for folkevalde og nytt reglement for tilskot til dei politiske partia er nokre av sakene formannskapet skal handsame.

Erlend Friestad

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Her kjem eit samandrag av sakene som formannskapet skal handsame i møte 15. mars klokka 12. Møtet kan du sjå direkte på hareid.kommune.no og på Facebook-sida vår.

Her kan du lese innkalling og saksframlegga i si heilheit. (PDF, 588 kB)

Nytt reglement for folkevalde og folkevalde organ i Hareid kommune

Dette er antakeleg nest siste stopp for reglementet før det kommunestyret skal fatte endeleg vedtak 25. mars. Arbeidet med reglementet har pågått lenge i administrasjonen. Eit forslag blei lagt fram på nyåret og det har vore mogleg for alle som ønsker det å kome med innspel.

 


Tilskot til politiske parti i Hareid kommune

Hareid kommune utbetalar partistøtte til gruppene i kommunestyret. Det ligg per no på 50.000 kroner totalt.

I dag finns det ikkje eit reglement for dette tilskotet. Det bør vi ha. Utarbeidinga av eit slikt reglement vil også gi moglegheit til å endre dagens praksis, som ikkje følgjer retningslinjene til partilovnemnda.

Administrasjonen legg i stor grad opp til ei vidareføring av utbetalingspraksis, men med nokre justeringar for å følgje lova.

 

Handlingsplan mot vald i nære relasjonar

Vald i nære relasjonar er eit omfattande samfunns- og folkehelseproblem.

Kommunane skal legge til rette for at tenestene blir i stand til å førebygge, avdekke og avverje vald og overgrep. For å kunne avdekke, må tabu brytast og kunnskapen aukast.

Når vald blir avdekt skal tenesteapparatet kunne bidra med rett hjelp til rett tid og ha eit godt samarbeid med aktørar også utanfor dei kommunale tenestene.

Med denne felles handlingsplanen vil alle kommunane på Sunnmøre sjå til at arbeidet mot vald i nære relasjonar vert sett på dagsorden. Målsettinga er at tiltak og auka merksemd på vald i nære relasjonar vil bidra til å styrke det førebyggjande arbeidet, at fleire valdsutsette og valdsutøvarar får naudsynt hjelp og at fleire situasjonar der menneske utsettast for vald blir avdekka og avverja

 

Detaljregulering for Brekkane

Detaljregulering for Brekkane, PlanID 20180002, hadde oppstartsmøte i desember 2018. Det vart heldt oppstartsmøte for utbyggingsavtale samstundes. I januar 2019 vart det varsla oppstart av planarbeid samt utbyggingsavtale. I løpet av høyringsperioden kom ein fram til at det var behov for utviding av planområdet med bakgrunn i merknadar frå naboar som kom inn, det vart difor politisk handsaming av dette i formannskapet i mai 2019. I slutten av mai 2019 vart det varsla om utvida oppstart. I august 2020 kom det ein ny førespurnad om endra bruk av arealet innanfor planavgrensinga, dette vart handsama i slutten av august 2020 av formannskapet. Sidan januar 2019 og fram til no har det vore fleire drøftingar og ulike møter mellom kommunen og forslagsstillar, i tillegg til dei to avklaringane som har vore gjort gjennom politisk handsaming i formannskapet. Planforslaget og utbyggingsavtalen som ligg klar for handsaming og offentleg ettersyn no er eit resultat av det som tidlegare er nemnt.

 

Slutthandsaming av detaljregulering av Brandal sentrum

Plansaka går tilbake til 2016. Tida mellom oppstart og planforslag har teke lang tid då det har vore utfordringar i høve automatisk freda kulturminne og påfølgande krav om utgraving før evt. frigjeving og kostnadsfordeling. Plankonsulent, Sporstøl Arkitekter AS, ferdigstilte planforslaget hausten 2020. Planforslaget vart lagt ut til offentleg ettersyn og sendt på høyring 05.11.2020, med høyringsfrist 23.12.2020. Det kom inn eit motsegn til planforslaget, motsegna vart seinare trekt. Planforslaget ligg no føre for slutthandsaming/eigengodkjenning etter offentleg ettersyn/høyring.

 

Strategiplan for nærings- og miljøtilskot i skogbruket 2021-24

Strategiplan for Nærings- og miljøtilskot i skogbruket (NMSK) vert rullert kvart 4. år. Planen er felles for kommunane Herøy, Ulstein, Hareid og Sande. Den legg føringar for prioriteringar og rammer for tildeling av tilskot.

 

Strategiplan for særskilde miljøtiltak i jorbruket mm

Strategiplan for Tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket vert rullert kvart 4. år. Planen er felles for kommunane Herøy, Ulstein og Hareid. Den legg føringar for prioriteringar og rammer for tildeling av tilskot. Det nye i planen her er at Tilskot til tiltak i beiteområde er teke med i planen

 

Vertskommuneavtale Søre Sunnmøre legevakt

Kommunane på Søre Sunnmøre har tidlegare gjort vedtak om etablering av legevaktsentral og nattlegevakt saman med den nye legevakta for Volda og Ørsta. Det er no utarbeidd vertskommuneavtale for dette nye samarbeidet, og administrasjonen tilrår at denne blir godkjend.

 

Oversendingsforslag frå kommunestyret

I sak 18/21 vedtok kommunestyret å sende tre oversendingsframlegg til formannskapet utan å realitetshandsame dei. Formannskapet skal no ta stilling til om dei ønsker å ta sakene vidare.

«1. Hareid Kommune må snarast mulig få på plass klarerte lokaliteter for laks, aure og regnbogeaure i sjøvatn. Desse lokalitetane må ha størst mogleg lokalitetsbiomasse.
Dette for å stette krava for utbetaling fra Havbruksfondet, og for å kunne få nye arbeidsplassar til kommunen og auka aktivitet i form av arbeid til underleverandørar.

Kven som skal få pengar fra Havbruksfondet vert bestemt utifrå Akvakulturregisteret 1. september klokka 12 kvart år. Kommunestyret ber administrasjon prioritere arbeidet med å få fram sak, slik at vedtak som opnar for slik aktivitet og inntekt til kommunen kan bli tatt stilling til.

2. Kommunestyret ber administrasjonen utgreie og legge fram sak om framtidig barnehagestruktur i kommunen. Behov for lokale/bygg, plasseringsalternativ, tempo for realistisk gjennomføring, organisering og økonomisk effekt skal svarast ut i utgreiinga.

3. Kommunestyret ber administrasjonen utgreie og legge fram sak om framtidig skulestruktur i kommunen. Behov for lokale/bygg, plasseringsalternativ, tempo for realistisk gjennomføring, organisering og økonomisk effekt skal svarast ut i utgreiinga.»