Saker til formannskapet 17. juni

Finansiering av turnhall, turnuslege på legesenteret, TV-aksjon og budsjettendringar er nokre av sakene som skal opp. 

 

TV-aksjonen 2021

TV-aksjonen NRK 2021 går til PLAN sitt arbeid for å kjempe mot barneekteskap der ein kan gjere ei forskjell. Med året sin TV-aksjon skal ein nå ut til tre millionar mennesker for å få slutt på barneekteskap i Bangladesh, Nepal, Malawi, Mali og Niger. I år går TV-aksjonen av stabelen søndag 24.oktober. Kommunedirektøren tilrår at formannskapet støttar TV-aksjonen med 15.000 og at formannskapet blir kommunekomité for Hareid.

 

Etablering av «turnuslege» på Hareid legesenter

Helsedirektoratet gir 4 kommunar i Møre og Romsdal pålegg om 1 fast LIS1-stilling (turnuslege) frå 01.09.2021. Hareid kommune er ei av kommunane som har fått pålegg. Grunngjevinga for pålegg er at Statsforvaltaren i Møre og Romsdal ikkje har lykkast med oppfordring til kommunane om å opprette fleire faste LIS1-stillingar og ber Helsedirektoratet om å gi pålegg etter gitte kriterium. Helsedirektoratet har grunngjeve sitt vedtak med at dette er eit «naudsynt» tiltak for å sikre undervisning/praksis av helsepersonell. Kommunedirektøren ser det som viktig å bidra til lokal rekruttering av legar, og at dette vil vere positivt for vårt legesenter og lokalmiljø. Kommunen tek Helsedirektoratet sitt pålegg til etterretning, men ynskjer politisk handsaming då dette medfører meirutgifter ut over godkjent budsjettramme. Ein auke i lønsutgiftene vil auke underdekninga i budsjettet for inneverande år.

Saka skal vidare til kommunestyret neste veke.

 

Kompetanseplan velferd

Hareid kommune, sektor for velferd, arbeider systematisk for å vere ein kvalitetsog kompetanse organisasjon. Langsiktig planlegging er viktig for å kunne nytte tilgjengeleg kompetanse og ressursar på den best tenelege måten for organisasjonen. Vi skal ha ei målretta og bevisst haldning til kompetanse og utvikling for å yte gode og forsvarlege helse- og omsorgstenester. For å utløyse kompetansemidlar i helse og omsorgstenestene er det sentrale krav og forventningar om ein lokal plan.

Formannskapet skal også ta stilling til planprogrammet for helse- og omsorgsplanen i kommunen.

Saka skal vidare til kommunestyret neste veke.

 

Ressurslag i velferd

Sektor for velferd er avhengig av tilgang på vikarar for å oppretthalde drift 24 timar i døgnet. Sjølv ved lågt sjukefråvær, er det til ei kvar tid bruk for vikar ved t.d. ferie, permisjonar, opplæring og tillitsvaltsarbeid. I stor grad er vikarar ufaglærte. Mange er svært flinke, men dei manglar kvalifikasjonar som gjer at dei kan utføre alle oppgåver som trengst, og å ha overblikk og forståing for prioritering av arbeidsoppgåver slik ein faglært har.

Kommunedirektøren ønsker derfor å opprette til saman 160 % sjukepleiestilling og 200 % fagarbeidarstilling i ressurslag for sjukeheimen, heimetenesta og bu og habilitering. Kostnadsberekna til 2,4 millionar kroner.

Hovudføremål for oppretting av ressurslag er å sikre forsvarlege tenester. Slik kan vi oppnå målsettinga til sektor for velferd om forsvarleg dekning av fagkompetanse, reduksjon av ufrivillig deltid og reduksjon i bruk av overtid.

Saka skal vidare til kommunestyret neste veke.

 

Eigedomsstrategi 2021-2031

Det er utarbeidd ein eigedomsstrategi som skal vere eit heilskapleg, overordna, styrande dokument som femnar om all eigedomsverksemnd i kommunen. Den skal kommunisere satsinger og prioriteringer, både innad i eigen organisasjon og utad i Hareidssamfunnet. Sektorovergripande heilheitsblikk, langsiktigheit og bærekraft har vore gjennomgripande i arbeidet med strategien.

Saka skal vidare til kommunestyret neste veke.

 

Organisere eigedomsforvaltninga som eige selskap

Etter bestilling frå kommunestyret er det utført ei analyse med påfylgjande rapport som omhandlar kor vidt ein skal organisere eigedomsforvaltning som ei kommunal eining slik det er i dag eller som eit kommunalt føretak. Dette arbeidet var påstarta hausten 2020 og avslutta våren 2021.

Kommunedirektøren innstiller på at kommunestyret vedtek å ikkje organisere eigedomsforvaltninga som kommunalt føretak no men vurderer dette på nytt etter ei tre års periode med internhusleige. Internhusleiga skal tre i kraft frå 1. januar 2022.

Saka skal vidare til kommunestyret neste veke.

 

Politisk avklaring: Detaljregulering for hyttefelt Åsen/Engeskardet

Saka gjeld detaljregulering for hyttefelt Åsen/Engeskardet. Det vart nyleg fatt vedtak i klagesaka, der Statsforvaltaren opphevar kommunen sitt vedtak om å godkjenne detaljregulering for hyttefeltet Åsen/Engeskardet. Klaga til Engeskardet hytteforeining er teke til følgje. Klaga til Thorbjørn Mork er ikkje teke til følgje. For å kome vidare i saka må det takast stilling til om reguleringsplanen skal eigengodkjennast på ny i tråd med det originale planforslaget eller om endringane i forbindelse med klagesaka skal sendast ut på ny høyring og offentleg ettersyn. Det sentrale er å avgjere eigarform for vegareal, samt kven som skal få bruke den. Kommunedirektøren rår til at vegen blir offentleg.

Saka skal vidare til kommunestyret neste veke.

 

Hareidstemna: Fritak for leige av Hareidshallen

Hareidstemna har bede kommunen om å sleppe å betale leige for Hareidshallen i stemneveka i år. Bakgrunnen er lite sponsormidlar. Kommunedirektøren innstiller på at søknaden blir innvilga. Hareidstemnet er ein viktig samlingsplass for bygda og positiv merkevare for kommunen. Etter ei lang tid med isolasjon er det ekstra viktig for folk å treffast og gjere noko sosialt saman. Det er minkande sponsorinntekter frå næringslivet, og dette vil krejve endå større innsats og kreativitet frå dei frivillige arrangørane. Kommunen har eit ansvar som samfunnsbyggar og skal bidra til å fremje bulyst. På lik linje med dei private bedriftene har kommunen økonomiske utfordringar og burde slik sett sagt nei til alle nye utgifter. Men bedriftene ser ansvaret for fellesskapen i nedgangstider, og det må også kommunen gjere. Kommunen bør difor gi ei ekstra handstrekning til arrangørane av dette viktige arrangementet dette heilt spesielle året.

Saka skal vidare til kommunestyret neste veke.

 

Årsrapport og årsrekneskap

Formannskapet skal handsame både årsrapport og årsrekneskap.

Årsrapporten finn du her i si heilskap.

Saka skal vidare til kommunestyret neste veke.

 

Budsjettendringar

Saka omhandlar fleire endringar i både drifts- og investeringsrekneskapen. Den største endringa er forslag om inndekning av berekna meirforbruk ved inntektsføring av ekstra korona-midlar og endringar i rammer. Sidan dette er omstillingar det vert jobba med og detaljane om kva verknader dette vil ha på ansvara, må ein kome tilbake til rekneark som viser budsjettendringane sin verknad på resultateiningar og sektorar.

 

Finansiering av turnhallen

Hareid Idrettslag planlegg oppføring av turnhall i eigen regi. I den samanheng søkjer dei bistand til finansieringa frå kommunen. Total kostnad for turnhallen er 17,6 millionar kroner. Av dette vil 7,1 millionar vere byggelån. Hareid idrettslag ønsker at kommunen skal stille garanti for lånet. Utan kommunal garanti vil Hareid IL måtte rekne med å betale 1 prosentpoeng meir i rente på lånet.

Hareid IL ønsker også at kommunen forskotterer meirverdiavgifta og grasrot- og tippemidlane på til saman 9,6 millionar kroner.

Kommunedirektøren vurderer det slik at desse ønska bør innfriast:

Med utfordrande kommuneøkonomi er svaret i utgangspunktet nei for alle nye utgifter. Ein bør likevel vurdere unntak for tiltak som gir positiv kost/nytte for kommunen og lokalsamfunnet. Bulyst er eit prioritert satsingsområde for kommunen. Her vil private bygge og drifte ein hall som vil bidra til eit attraktivt buog oppvekstmiljø, og dei ber kommunen om finansiell større for å kunne realisere prosjektet. Dette er eit tiltak som saman med fotballhallen gir gode rammer for lokale fritidstilbod. Dette kan bidra til å hindre utanforskap og føre til auka rekruttering av barnefamiliar. Fleire innbyggarar gir større overføringar i rammetilskotet.

Forskotteringa vil truleg koste om lag kr. 300 000 totalt over ei femårs-periode. Det samla inntrykket er at den finansielle situasjonen til idrettslaget er god og det ligg det ei tiltru til at idrettslaget vil greie sine forpliktelsar. Om dette ikkje vil skje, og kommunen må ta over lånet til idrettslaget, vil dette belaste drifta med om lag kr. 325 000 i snitt pr. år i 20 år, under føresetnad av at ein ikkje lukkast med å refinansiere til betre betingelsar.

Saka skal vidare til kommunestyret neste veke.

 

I tillegg skal formannskapet handsame nokre reguleringssaker og ei sak om rutine for eigarskapsstyring.