Møtet startar kl. 12.00 i Kommunestyresalen. Møter i formannskapet er opne for alle, og vil bli sendt direkte på nettside og Facebook.
Her kan du sjå sendinga - tilgjengeleg i 30 dagar:
Under følgjer eit samandrag av dei viktigaste sakene. Du kan lese alle sakspapira og sjå heile saklista her.
Tenestepensjon ut på anbod
Kommunestyret har bestilt ei gjennomgang av pensjonsleverandørar og erfaringar frå andre kommunar som har bytt leverandør. Kommunedirektøren legg no fram ei sak om eventuelt anbod og finansiering. Kommunedirektøren rår ikkje til eit anbod no. Årsaka er kommuneøkonomien, knappe personellressursar og usikkerheit om kommunen tener på eit skifte.
KS Debatthefte 2026: Tid for taktskifte
KS sender årleg ut debattheftet til kommunar og fylkeskommunar som ei oppmoding om å gi innspel til aktuelle politiske tema. Kommunedirektøren presenterer årets problemstillingar for politisk handsaming.
Dette debattheftet handlar om kva kommunar og fylkeskommunar sjølv kan og bør gjere no for å redusere forventningsgapet og møte dei store og dramatiske tryggleikspolitiske endringane i verda og i Noreg. Innspela frå Hareid kommune vert samla av KS Møre og Romsdal og tekne med vidare i det nasjonale arbeidet.
Revidering av godtgjersle for folkevalde 2026
I budsjettmøtet 11. desember 2025 vedtok kommunestyret å revidere godtgjersleforskrifta med mål om å redusere kostnadene med minst 150 000 kroner i 2026. Endringane skal gjelde kommunestyret, formannskapet, utval og råd. Kommunedirektøren tilrår at formannskapet sender endring av forskrifta ut på høyring, med forslag om å redusere møtegodtgjersla for medlemmar i folkevalde organ med 30 prosent.
Månadsrapport november 2025
Rapporten viser utviklinga i perioden januar–november 2025. Prognosen peikar på eit årleg meirforbruk på om lag 22,8 millionar kroner, omtrent som i førre rapport.
Lenke til rapport.
Årshjul for budsjettprosessen
KS sitt nettverk for berekraftig kommuneøkonomi anbefaler vedtak av eit årshjul som klargjer aktivitetane i budsjettarbeidet. Kommunedirektøren foreslår å knyte aktivitetane til allereie vedtekne møtedatoar i 2026.
Evaluering av budsjettprosessen 2025
Kommunedirektøren legg fram ei samla evaluering basert på innspel frå leiargruppa, einingsleiarar og politiske parti. Evalueringa syner ein budsjettprosess med god grunnstruktur (årshjul, møtepunkt og openheit), og med auka medverknad frå einingane. Samstundes er det tydeleg behov for meir føreseieleg informasjonsflyt, tidlegare politisk involvering og klarare styringssignal. Eit gjennomgåande funn er at mellomfasen mellom kommunedirektøren sitt framlegg og formannskapet si handsaming mangla, noko som skapte tidspress, uro i skulesektoren og ulik tolking av signal. I tillegg treng talgrunnlaget – særleg for skule/elevtal og KOSTRA‑presentasjonar – betre kvalitetssikring og kontekst for å unngå misforståingar.
Ny sak om eigedomsskatt i 2026
Saka vert lagt fram på bakgrunn av tilbakemelding frå Statsforvaltaren. Kommunestyret skal vedta satsar for eigedomsskatten for 2026. Det vert foreslått å auke satsen frå 3 til 4 promille for bustader og fritidsbustader for å styrke kommuneøkonomien og møte krava frå Statsforvaltaren om kortare inndekking av meirforbruket.
Auken er venta å gi om lag 4 millionar kroner i meirinntekter i 2026, i tillegg til rundt 10,8 millionar som kjem ved å vidareføre dagens sats. Kommunedirektøren vurderer eigedomsskatt som nødvendig for å sikre forsvarleg drift i ei tid der både lånegjeld, renteauke og store investeringar set økonomien under press, og der kommunen må nytte inntektspotensialet sitt fullt ut for å unngå større kutt i tenestene.
Ei auke frå 3 til 4 promille svarer til ei auke i eigedomsskatten på 33 prosent. Viss du i 2025 betalte 6000 i eigedomsskatt, vil du måtte betale 8000 i 2026. I tillegg kjem eventuelle verdiendringar.
Endringar i Handlings- og økonomiplan 2026–2029
Endringane kjem etter innspel frå Statsforvaltaren. Det er særleg lagt vekt på auka inntekter i økonomiplanperioden.
Her er lenke til heile økonomiplanen.
Her er dei viktigasta punkta:
- Auke i eigedomsskatten frå 3,0 promille til 4,0 promille.
- Innføre tilsynsavgift for sal av tobakk
- Auke i innbyggartilskotet basert på dagens innbyggartal
- Auke i PU midlar
- Auke i refusjon ressurskrevjande brukarar
- Oppstart oppdrettsanlegg Attavika
- Oppstart oppdrettsanlegg Lauspneset
- Tatt ut innsparing Pålhaugen 2026
- Lagt inn auke i ressurskrevjande brukarar i 2026
Tiltaksplan 2025 etter endringar 12. februar
Statsforvaltaren har sendt tiltaksplanen tilbake for justering. Inndekkingstida for meirforbruket for 2023 og 2024 på 106 millionar kroner er no foreslått redusert frå 10 til 7 år. Kommunen må søkje om forlenga inndekkingstid utover 4 år og dokumentere kvifor kortare inndekking vil gi uforholdsmessige store konsekvensar.