Saker til formannskapet 2. mars

Skal Hareid kommmune kjøpe fiskerihamna i Brandal? Dette er ei av sakene som skal opp i formannskapet 2. mars.

Brandal hamn 

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Klagesak på Engeskardet

Formannskapet må handsame ein klage frå ein naustbyggar ved Engeskardet. Det har tidlegare vore gjeve løyve for oppføring av naust med moglegheit for oppføring av mindre bølgjedempande tiltak.

Etter ei synfaring konkluderte bygningsmynde med at det bølgjedempande tiltaket som var ført opp ikkje var av ein slik karakter som det var gjeve løyve til. Bygningsmynde stilte difor krav om søknad. Tiltakshavar retta seg etter dette, og har søkt i etterkant om dispensasjon for oppføring av bøljedempande tiltak i tilknyting til naust.

I formannskapsmøtet i november blei det gitt avslag på denne søknaden. Utbyggar har klaga på dette vedtaket og det er den klagen formannskapet no skal handsame. 
Det er lagt opp til synfaring på Engeskardet når saka skal handsamast.

Vil du ha nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen? Meld deg på nyheitsbrev her!

Reglement for kommunale bygge- og anlegsprosjekt

Då kommunestyret har lagt ned den kommunale byggenemnda og overført tilliggande strategiske funksjon til formannskapet.  Kommunestyret bad samstundes rådmannen om å legge fram reglement for kommunale bygge- og anleggsprosjekt. 

Administrasjonen meiner det vil vere tenleg dersom formannskapet sitt engasjement kan vinklast i ei meir strategisk retning enn det som byggenemnda tradisjonelt har vore vane med å gjere.  For å kunne lukkast med dette er det naudsynt å vedta eit reglement, som klargjer roller, ansvar og mynde i prosjektarbeidet, på ein tydlegare måte enn tidlegare.
Kommunestyret skal gjere endeleg vedtak i sitt møte 12. mars.

Vil kommunen kjøpe Brandal fiskerihamn?

Denne saka har vore handsama i fleire runder. Kystverket har på nytt sett i gong avhendingsprosessen for Brandal Fiskerihamn, kort tid etter at Kystverket sjølv stoppa prosessen.  Hareid kommunestyre vedtok i 2019 å kjøpe fiskerihamna, på visse vilkår, for kr 200 000.

Når Kystverket no på nytt set i gong denne prosessen er ingenting endra i høve det som kommunestyret tidlegare har vedtatt å kjøpe.  Men saka må likevel handsamast på nytt, då det ikkje ligg føre budsjettmidlar for dette kjøpet i budsjettåret 2020.

Slik situasjonen er kan det argumenterast både for og imot kjøp av fiskerihamna.  Tidsfristane som Kystverket har sett opnar ikkje for at ein får høve til å vurdere alle aspekt ved dette sakskomplekset, som syner ein tiltakande grad av kompleksitet.  Og av omsyn til kommunen sine øvrige oppgåver, er det heller ikkje sikkert ein bør legge ned for store ressursar i å greie ut om alle uklåre tilhøve kring avhendinga.  Noko som elles brukar å vere eit ansvar som ligg til seljar.

Rådmannen legg derfor fram saka med to alternative innstillingar. Ein for kjøp og ein mot.
Kommunestyret skal gjere endeleg vedtak i sitt møte 12. mars.

 

Fyrste skritt mot eigedomsselskap?

I desember 2019 ba kommunestyret administrasjonen om å legge fram ei sak om etablering av kommunalt eigedomsselskap. 

På grunn av høgt aktivitetsnivå i eigedomsavdelinga samt tidsperspektiv og kompleksitet i oppdraget, samt eit ynskje om å få eit nøytralt synspunkt, ser ein det ikkje som verken mulig eller hensiktsmessig å utføre utredinga om kva eit eigedomsselskap vil bety.

I desembermøtet stramma også kommunestyret inn på bruk av konsulenttenester. Derfor ser administrasjonen det som naudsynt å legge fram sak om å nytte eksterne ressursar til å utrede eigedomsselskap.

I utredninga ynskjer ein å få fram kva fordelar, ulemper og konsekvensar ei endring i organisering vil ha for den kommunale eigedomsverksemda, og dei kommunale tenestene som brukarar av kommunen sine eigedomar. Utredninga skal vere faktagrunnlag for eit politisk vedtak, kor vidt eigedomsverksemda skal skiljast ut som eige kommunalt føretak eller fortsette som det er i dag. Målsettinga er politisk handsaming i mai 2020.  


Alkoholpolitisk handlingsplan

Gjeldande Alkoholpolitisk handlingsplan går ut i 2020, og ny plan må vedtakast før kommunestyret skal behandle alle sals- og skjenkeløyva i kommunen på nytt i løpet av sommaren 2020. Ei interkommunal arbeidsgruppe (Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Vanylven, Volda og Ørsta) har utarbeidd eit utkast til ein ny handlingsplan. 
Utkastet inneheld hovudmåla for Hareid kommune sin alkoholpolitikk, og kva tiltak som nyttast for å nå alkohollova sitt mål om å redusere tilgjenge til og forbruket av alkohol.

Planen har lagt ute på heimesida til kommunen og spesielle interessentar har fått tilsendt informasjon elektronisk.

Alkoholpolitisk handlingsplan bør reviderast i kvar kommunestyreperiode for å vere oppdatert, aktuell og ein plan noverande kommunestyre kan forhalde seg til. 
Kommunestyret skal gjere endeleg vedtak i sitt møte 12. mars.

 

Kven skal bestemme kva?

Denne saka var oppe i kommunestyret 6. februar, men då blei det vedteke at saka skulle sendast tilbake slik at også levekårsutvalet og næring- og miljøutvalet kunne uttale seg.
I utgangspunktet har kommunestyret stor makt og mynde til å treffe avgjersler i ein kommune. Det er likevel ikkje føremålstenleg og særleg effektivt at kommunestyret fattar vedtak i alle saker.

Derfor delegerer dei mange av sakene «sendt nedover» i systemet. Noko blir delegert til underliggande, folkevalde organ, til dømes Levekårsutvalet, medan anna blir delegert til administrasjonen.

Eit døme er skjenkepolitikken. I dag er det kommunestyret som fattar vedtak om vanlege skjenkeløyve til ute- og serveringsstader, medan myndet til å gi løyve til enkelthendingar (ambulerande skjenkeløyve) er delegert til administrasjonen. Desse enkeltvedtaka kan klagast på, og då vil Levekårutvalet vere fyrste klageinstans.

Det er ikkje alt kommunestyret kan delegere vidare. Då er dette formulert i lov – gjerne i frasen «kommunestyret sjølv bestemmer».

Dette regelverket for kva utval eller roller som bestemmer kva, er samanfatta i eit delegeringsreglement.

Det gjeldande delegeringsreglementet er frå 2012. Mykje har skjedd med lovverk og organisering i kommunen sidan då. Ei elektronisk samling av alt relevant lovverk gir ei god oversikt, så no er også lover som tidlegare ikkje var delegert, delegerte der det er naturleg.

Denne saka gjeld det politiske delegeringsreglementet. Rådmannen har i tillegg eit internt delegeringsreglement som viser fordeling av delegert mynde i kommuneorganisasjonen.

Rådmannen har i gjennomgangen lagt vekt på kvalitet og effektivitet. Mykje er som før, men den største endinga er knytt til meir effektiv sakshandsaming ved å foreslå ein auke i det faglege arbeidsområde til utvalet for næring og miljø (NMU).

Delegeringsreglementet vil etter at det er vedtatt bli lagt elektronisk tilgjengelig på Hareid kommune sine nettsider.

Dei folkevalde har tidlegare blitt orientert om saka.
Kommunestyret skal gjere endeleg vedtak i sitt møte 12. mars.