Saker til formannskapet 7. mars

Eigedomskjøp, kommunal garanti til Ishavsmuseet og brannvernavtale med Ulstein kommune er blant sakene som skal opp. 

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Formannskapet skal møtast 7. mars klokka 12. Møtet kan du sjå direkte her på nettsida eller på Facebook-sida til Hareid kommune.

 

Under følgjer eit samandrag av dei viktigaste sakene.

Alle sakspapira kan de lese her.

 

Etablering av grunnkjøpspakke

Gjennom året kan det dukke opp uføresette behov for midlar knytt til ymse grunnkjøp. Kommunen bør ha ein «grunnkjøpspakke» utover planlagde investeringar i investeringsbudsjettet.

Behovet for grunnkjøp varierer, og midlar til dette bør i utgangspunktet løysast i budsjettsamanheng. No har det kome nokre kjøpsmoglegheiter vi bør nytte oss av. Dette utløyser behov for finansiering og kommunen treng ein grunnkjøpspakke som ein kan ta av og opprette eigne prosjekt for å finansiere enkeltkjøp/prosjekt.

Kommunedirektøren tilrår at formannskapet går for å etablere grunnkjøpspakke.

Saka skal vidare til kommunestyret for endeleg vedtak.

 

Kommunal garanti til Ishavsmuseet og kjøp av Polarstar

Ishavsmuseet Aarvak ynskjer, via Veteranskutelaget Polarstar, å kjøpe ishavsskuta M/S Polarstar. I det høve søkjer dei kommunen om kommunal garanti.

Ishavsmuseet Aarvak ynskjer å kjøpe M/S Polarstar. Formålet vil vere utleige, å fremje bevaring og varig vern av skuta, drive formidling av skuta si historie og legge til rette for studiearbeid og forsking.

Veteranskutelaget Polarstar har fått tilbod om lån i Kommunalbanken til 1,8% flytande rente under føresetnad av ein kommunal sjølvskuldnarkausjon. Med denne kausjonstypen vil banken ha rett til å krevje betaling frå kommunen straks lånet eventuelt vert misleghalde, utan å fyrst prøve låntakar for midlar gjennom rettsleg pågang. Dette skil seg frå ein simpel kausjon, der kreditor fyrst vil søkje inndekning med låntakar. Ein sjølvskuldnarkausjon garanterer på denne måten både for betalingsevne og betalingsvilje, og er ei tryggare løysing for banken som gjerne kjem med betre lånevilkår.

Ein utfordrande kommuneøkonomi gjer at alle eventuelle utgifter må vurderast grundig. Med eit beskjedent disposisjonsfond og eit krevjande driftsnivå er det i utgangspunktet ikkje rom for prosjekt som medfører økonomisk risiko. På tross av dette bør tiltak som kan kome lokalmiljøet til gode vurderast særskilt. Dette er eit tiltak som kjem utanom kommunen si kjernedrift og det er såleis mange gode grunnar til ikkje å gå inn i dette. Men her er også mange gode grunnar til at kommunen bør hjelpe til at nettopp dette prosjektet kan realiserast.  Sjølv i ein relativt tøff økonomisk situasjon der ein må sjå med alvor på også den mest beskjedne auken i finanskostnader bør dette vere handterbart for kommunen.

Kommunedirektøren rår derfor formannskapet til å gå inn for å gi kommunal garanti.

Saka skal vidare til kommunestyret for endeleg vedtak.

 

Kjøp av tomtar på Kvitneset og Brandal  

Hareid kommune har fått tilbod om å kjøpe fleire eigedomar i Brandal og på Kvitneset.

Dette gjeld mellom anna «sjølve» Kvitneset, ein del strandlinjetomtar i Brandal, i tillegg til ein del teigar i Indredalen (sjå bilete).

Kommunedirektøren vurderer kjøp av desse eigedomane som strategisk lurt. Kommunen vil her sikre at store delar av Kvitneset er eigd av kommunen. I tillegg vil vi få utvikla anten éi stor, eller to kurante bustadtomter i Brandal sentrum. Til sist vil kommunen få hand om naustområde, både til eiga utvikling og sal, men også som erstatningstomter i framtidige forhandlingar.

Sjølv om det vert eit ekstra låneopptak i oppstarten, vil driftskonsekvensen vere av midlertidig karakter, og kommunen vil truleg kome ut i balanse, eller betre, etter kvart som ein sel ut ein del av eigedomane.

Formannskapet treff endeleg vedtak.

 

Avtale om bustadfelt på Pålhaugen

Denne saka gjeld kjøp av bustadfelt på Pålhaugen. Avtalen tek føre seg to moment.

1. Kjøp av grunn.

2. Kompensasjon av planleggingskostnader til utbyggjar Din Bolig AS.

Din Bolig AS fekk i si tid forkjøpsrett med tidlegare eigar av eigedom 41/14. Det ligg såleis eit hefte på eigedomen som kan nyttast når området er ferdig regulert.

Din Bolig AS fekk for nokre år sidan regulert området, og kunne nytte kjøpsretten.

Det ynskjer verksemda ikkje å gjere, og vende seg i si tid til Hareid kommune om ein ynskjer at dei tek over området ferdig regulert. Planlegginga var krevjande, og utbyggar vil ha kompensert som sine utlegg for å fjerne deira hefte på eigedomen. Utlegga er dokumenterte og er på kr. 723.535,20.

Når det gjeld sjølve grunnkjøpet er ein samde om ein pris på 275 kroner per kvadratmeter – totalt om lag 2 millionar kroner. Dette er ei naturleg utvikling på prisen som vart sett i skjønnet i høve innløysing av areal til kyrkjegarden i 2012.

Kommunedirektøren såg gjerne at utbyggar Din bolig as sjølv realiserte bustadområdet på Pålhaugen. Når så ikkje skjer er det føremålstenleg på mange måtar at kommunen freistar å få dette utbygd.

Kommunedirektøren meiner at sikrar kommunen sin dette arealet, vil vi kunne vurdere å utvikle området sjølv, eller selje det ferdig tilrettelagt med infrastuktur, i enkelttomter, eller samla til ein utbyggar.

Kommunendirektøren tilrår at formannskapet godkjenner avtalen slik den ligg føre.

 

Godkjenning av avtale for utvikling av indre hamn

Hovudføremålet med avtalen er å sikre Trelast Eigedom AS føreseielege vilkår i høve nye utviklingsareal og etablering av permanent tilkomst. Dette gjev samstundes forbetra tilkomst til Oskar Jarle Grimstad sin eigedom. Vidare omhandlar denne avtalen tilhøve knytt til utbetring av offentleg veg, refusjon for offentleg veg, samt eigedomstransaksjonar.

Kostnadsfordeling har vore oppe til forhandlingar, og det er innhenta tilbod på arbeidet.

Kommunen sitt bidrag vert om lag 70.000 kroner og kostnad til asfalt om lag 130.000 kroner.

Det vert elles lagt opp til sal av delar av kommunen sin eigedom 41/169. Dette vil ha ein verdi på om lag 85.000 kroner.

Kommunedirektøren vurderer denne avtalen som god samfunnsutvikling. Han vil gi betre tilkomst for to verksemder, betre tilgang til gangveg og betre trafikktryggleik i området.

Kommunedirektøren legg denne saka fram for formannskapet med tilråding om å godkjenne avtalen.

 

Fornying av avtale om vertskommunesamarbeid om brannvern

Samarbeidet om felles brannvernteneste mellom Hareid og Ulstein kommunar vart iverksett 01.01.2018.  I denne saka vert det tatt stilling til om Hareid kommune skal halde fram med samarbeidet.  Viss kommunestyret vedtar å halde fram med samarbeidet, må kommunestyret og ta stilling til om det framlagte utkastet til revidert avtale om brannvernsamarbeid kan godkjennast eller ikkje.

Erfaringane med brannvernsamarbeidet har så langt vore delte. Det er ikkje vanskeleg, ut frå evalueringsrapporten som vart lagt fram i kommunestyret i fjor, å sjå at det tvillaust ligg føre forbetringspotensiale knytt til kommunikasjonen og organiseringa av tenesta.  I tillegg har ei undersøking blant brannmannskapa ikkje peika på at samanslåinga har betra tenesta.

På basis av dette er det nok mogleg å konkludere med at samarbeidet så langt ikkje har svara til forventningane.  Administrasjonen tar desse signala på alvor og vil vere tydeleg på at dette er utfordringar som bør løysast, om brannvernsamarbeidet skal ha noko framtid.

På den andre sida kan det seiast at brannvernsamarbeidet enno er av høvesvis ny dato og at det ikkje er uvanleg å rekne med ein viss innkøyringsproblematikk i slike samarbeid.  Pandemisituasjonen, som i skrivande stund starta for om lag to år sidan, har sjølvsagt heller ikkje vore til gunst for nokon.

Vi må og erkjenne at det vil finnast både økonomiske og administrative utfordringar til ei eventuell reetablering av eige brannvesen i Hareid.  Det må mellom anna tilsettjast eigen brannsjef, befal og beredskapsstyrke. Kor manga av dei som no er ein del av brannstyrken som blir med over til Hareid er uvisst.

Vi har difor vurdert det slik at det er meir som talar for å halde fram med brannvernsamarbeidet med Ulstein kommune, enn det er som talar mot.  Men berre dersom det lykkast å etablere større fokus på tenestekvalitet, organisering, leiing og kommunikasjon.  Alt dette må sjølvsagt skje gjennom den daglege drifta, der intensjonane i den reviderte samarbeidsavtalen må leggast til grunn.   

Kommunedirektøren tilrår at Hareid kommune held fram med samarbeidet med Ulstein.

Saka skal endeleg avgjerast av kommunestyret.

 

Forprosjekt forvaltning av kystnære fiskebestandar

I fleire av fjordområda på Søre Sunnmøre er det ein del saker knytt til konfliktar mellom grunneigarar og fiskarar, der særlig bruk av lys knytt til notfiske opplevast som belastande for lokalbefolkninga. Lokalbefolkninga reagerer også på at Fiskeridirektøren oppheva forbodet mot bruk av lys i notfiske etter sild i Møre og Romsdal i 2017. Situasjonen belyser problemstillinga med lokal forvaltning av fiskebestandar, og kystbestandane det er eit særleg stort trykk på. 

I eit møte mellom Vanylven kommune og Runde Forsking var det initiert eit forprosjekt som kan danne grunnlaget for eit eventuelt større prosjekt knytt til forvaltning av kystnære fiskebestandar. Forprosjektet har som mål å legge eit fagleg grunnlag for ein objektiv diskusjon mellom partane og med forvaltningsmyndigheitene, då eit av dei grunnleggande problema er at det ikkje er klarlagt om det faktisk er eigne sildestammer inne i fjordane på Søre Sunnmøre.

Det vert lagt fram ei sak med felles faktagrunnlag for politisk handsaming i dei sju kommunane på søre Sunnmøre

Kommunedirektøren meiner likevel at forvaltning av lokale fiskebestander og skaffe nødvendig kunnskapsgrunnlag er eit statleg ansvar. Det må difor også vere ei nasjonal oppgåve å finansiere forprosjektet.  Ein syner til at kommunen har pressa driftsøkonomi og må prioritere strengt dei oppgåvene som primært ligg til kommunen å løyse. Kommunedirektøren tilrår derfor at Hareid kommune ikkje løyver midlar til prosjektet.

Saka skal vidare til kommunestyret for endeleg vedtak.