Saker til formannskapet 9. mai

Budsjettrevisjon, kvartalsrapport og politivedtekter er nokre av sakene som står på agendaen. 

Her kan du lese alle sakspapira.

Her kan du sjå eit opptak av møtet:

 

Nye politvedtekter

Forslag til politivedtekter har vore ute på høyring. I denne saka skal formannskapet diskutere dei reviderte politivedtektene etter innspelsrunda.

Dei reviderte politivedtektene er i stor grad ei vidareføring av dei som gjeld i dag. Dei er også bygd på normalpolitivedtek, slik at dei er godt etablerte og forankra i politiet frå før. Vi har ikkje fått inn motsegn frå sentrale mynde eller andre tunge instansar som tilseier at vi skal endre på framlegget som blei sendt på høyring. Konklusjonen er derfor at kommunestyret bør vedta politivedtektene slik dei ligg føre.

Saka skal vidare til kommunestyret.

 

Tid og stad for kommune- og fylkestingsvalet 2023

Vi er tidleg ute og vil allereie før sommaren vedta tid og stad for valet. Kongen i statsråd har bestemt at valdagen blir 11. september 2023. Kommunedirektøren meiner det ikkje er naudsynt å opne for å ha valdag også søndag 10. september. Vi bør heller leggje ressursane i å lage eit godt førehandsrøystetilbod. Korleis det blir, blir vedteke fyrst våren 2023.

Sjølve valdagen rår kommunedirektøren til at det blir følgande opningstider:

  • Hareid krins: klokka 09-21
  • Bigset krins: klokka 13-19
  • Brandal krins: klokka 13-19
  • Hjørungavåg krins: klokka 13-19

Saka skal vidare til kommunestyret.

 

Budsjettrevisjon og kvartalsrapport

Rapporten for 1. kvartal viser eit meirforbruk på dei to største sektorane. Anslagsvis kr. 5 mill. når ein justerer for periodisering. Fyrst og fremst ser ein at sektor for velferd ikkje vil lukkast med å kome i balanse ved årsslutt utan tilføring av midlar. 

Her kan du lese heile kvartalsrapporten.

Stor aktivitet og mykje sjukefråvær gjer at vi vel å ikkje legge meir kutt på sektorane. Dette kan gjere eit krevjande omstillingsarbeid endå tyngre. I tillegg ser vi at inntekter/utgifter i samband med det nyoppretta akuttmottaket er usikre. 

  • Sjølvkostansvara vatn, avløp og anløp er ikkje balanserte ut med bruk av fond, og ligg med ei netto kostnadsramme i budsjettet på totalt kr. 1 619 841. Dette skal dekkast inn med avsetningar frå balansen. 
  • Kommunen har fått tilført kr. 665 000 over rammetilskotet for å dekke vaksinasjonsutgifter. Denne inntekta er ikkje med i opphaveleg budsjett. 
  • Statstilskot på kr. 448 000 til frivilligsentralen går via kommunen. Her er det budsjettert med overføringa (kostnaden), men ikkje inntekta. 
  • Resterande meirforbruk (kr. 2 267 159) skal dekkast inn over rammetilskotet. Kommunen har framleis store utgifter relatert til korona som ein håpar å få kompensert frå staten, men det er vanskeleg å talfeste dette på noverande tidspunkt. 

Både kvartalsrapporten og budsjettrevisjonen skal vidare til kommunestyret.

Her kan du lese alle sakspapira.