Saker til formannskapet og kommunestyret 8. og 11. november

Neste veke er det både formannskapsmøte og kommunestyremøte. Her kan du lese dei viktigaste sakene. Dei fleste sakene skal opp i begge møta. 

Begge møta kan du sjå direkte eller i opptak her på nettsida eller på Hareid kommune si Facebook-side.

Under kjem eit samandrag av nokre av sakane som skal opp møta.

Stikk ut og medlemskap i Sunnmøre Friluftsråd

I budsjettvedtaket I fjor ba kommunestyret administrasjonen om å greie ut ei finansieringsløysing for medlemskap i Sunnmøre Friluftsråd. Kommunedirektøren ønsker å sjå saka som ein del av budsjettarbeidet, men legg den fram no slik at kommunestyret skal få eit betre saksgrunnlag for prioriteringa når ein kjem til budsjetthandsaminga.

Medlemskontingent for 2022 er kr. 19,86 per innbyggar. For Hareid kommune betyr det ein utgift på kr. 102.080 for å vere medlem i friluftsrådet i 2022.

Kommunedirektøren ser mange potensielle positive gevinstar som kan utløysast ved  eit medlemskap i Sunnmøre Friluftsråd. Stikk UT! som konsept er godt kjent i Møre og Romsdal, og turane kan vise til gode besøkstal. Det har i fleire år vore lagt ned ein stor innsats frå idrettslag og andre enkeltpersonar når det gjeld skilting og tilrettelegging for friluftsliv i området vårt. Definerte Stikk-Ut turar vil vere med å synleggjere trasear i enda større grad, som følgje av felles skiltmal og marknadsføring av turane. Å synleggjere og tilgjengleggjere «Hareid Highland» er i tråd med Vest i Hareid sine målsettingar. Mange turar er i kommunen er allereie merka i morotur.no, som er Møre og Romsdal fylkeskommune sin nettstad for turoversikter i fylket. Grunnlaget for å etablere Stikk UT! turar er soleis godt.

Kommunedirektøren meiner at det må gjerast ei kost- nytte vurdering for alle nye tiltak som skal vurderast. For framtida må ein fokusere på investeringane som aukar inntektene våre og investeringar som reduserer kostnadane. Kommunedirektøren ser ikkje moglegheit for direkte innsparing som følgje av medlemskap i Sunnmøre Friluftsråd i eit kortsiktig perspektiv. Samtidig kan ei slik satsing gje positive gevinstar som betre folkehelse, auka bulyst og styrking av turismenæringa i eit lengre perspektiv.

Saka skal opp både i formannskap og kommunestyre.

 

Kvartalsrapport

I kvartalsrapporten gjer administrasjonen greie for mellom anna økonomi, sjukefråvær, prosjekt og planar framover. Dette er kvartalsrapporten for tredje kvartal 2021.

Grunna meirforbruk i velferd og ein budsjetteringsfeil på integreringstilskotet er det fare for at rekneskapen for 2021 vil verte avslutta med eit betydeleg meirforbruk. Det er ikkje mulig å kome med ei sikker prognose på  noverande tidspunk. Det vert no spart alle stader ein kan, i eit forsøk på å betre situasjonen.

Heile kvartalsrapporten kan du lese her. (PDF, 2 MB)

Saka skal opp i både formannskap og kommunestyre.

 

Interpellasjon om blomsterenger/utsett kantklipp frå Venstre

Annika Brandal i Venstre har lagt fram ein interpellasjon for kommunestyret. Der ber Venstre om at det blir lagt betre til rette for pollinerane insekt i kommunen. Dei føreslår to tiltak:

  • Å setje av ein del av våre grøne areal til blomstereng som dermed ikkje blir klippa på vanleg måte, men lagt til rette for å ta vare på insekt og blomar
  • Utsett kantklipp langs vegane der det ikkje går utover trafikktryggleiken

Her kan du lese heile interpellasjonen. (PDF, 788 kB)

Denne saka blir berre handsama i kommunestyret.

 

I kommunestyret skal også barnevernsleiar orientere om mål, måloppnåing og tilstandsrapport for barnevernet.

Dei andre sakene som skal opp i møta kan du lese her: