Saker til kommunestyret 18. juni

Revisjon av budsjett og årsmelding er dei viktigaste sakene som skal opp i kommunestyret.

 

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Møtet startar kl 15 og blir sendt direkte på Hareid kommune si Facebook-side og nettside.

Her kan du lese innkallinga og saksframlegga.

Kjøpe molo i Hjørungavåg?

Kystverket tilbyr Hareid kommune å overta eigarskapet til Kystverket sin molo i Hjørungavåg, utan vederlag. Administrasjonen tilrår at kommunen seier nei til tilbodet då kommunen påtar seg eit potensielt vedlikehaldsansvar og –kostnadar. Både Næring- og miljøutvalet og formannskapet har gått for tilrådinga frå rådmannen. Kommunestyret fattar endeleg vedtak.

Vil du ha nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen? Abonner på vårt nyheitsbrev!​​​​​​​

Ruteendringar båt, ferje og buss

Hareid kommune skal ta stilling den årvisse ruteendringsprosessen. Verken administrasjonen eller formannskapet hadde innspel til høyringa utover dei innspela som blei vedtatt av kommunestyret og sendt til fylket i juni 2019:

  • Hareid kommunestyre viser til saksframstillinga, og bed om at Møre og Romsdal fylkeskommune utvidar dagens Fram Ekspress tilbod med ny ekspressrute Volda - Furene - Garnes - Hareid - Moa.
  • Hareid kommune ber om at fylkeskommunen ser på frekvens på buss og hurtigbåt mellom Hareid og Valderøy. Dagens ordning er avvisande og fungerer tidvis dårleg, spesielt på kveld og helg.
  • Kommunestyret ber administrasjonen sjå på eit alternativ med bestillingstransport til krinsane, gjerne i samarbeid med drosjene og mtp arbeidet som også skal gjerast med reiselivsplan. Ein kan også gjerne gå i dialog med fylket om Fram Flexx.

Skjenkeløyve Kokk’n Roll

Nyetablerte Kokk’n Roll søkjer om skjenkeløyve. Det blir opplyst i søknaden at driftskonseptet er å tilby selskapslokale for lukka lag i privat- og bedriftsmarknaden. I tillegg konsept med pop up-restaurant, temakveldar, ope under Opplev Hareid og når dei elles har moglegheit og tid i tillegg til den normale drifta som catering og matopplevings-leverandørar utanfor bygget. Administrasjonen ser positivt på søknaden og råder dei folkevalde til å gå inn for den. Formannskapet innstilte samrøystes på at kommunestyret gir løyve.

Diverse årsmeldingar og -planar

Kommunestyret skal ha opp sak om årsmelding frå kontrollutvalet og årsmelding og årsplan for Hareid og Ulstein brannvesen.

Vidare utgreiing om felles brannvern på Søre

Det har vore gjennomført eit prosjekt om eit større samarbeid om brannvern på søre Sunnmøre.  Rapporten vert no lagt fram for kommunestyra, med spørsmål om eventuell vidareføring av utgreiingsarbeidet. Rådmannen tilrår at Hareid kommune ikkje tar del i vidare utgreiing, men heller evaluerer samarbeidet som allereie eksisterer med Ulstein. Formannskapet gjekk samrøystes for inn for at kommunen ikkje skal delta i vidare utgreiing om brannsamarbeid med andre kommunar på Søre Sunnmøre.

Årsmelding og rekneskap for Hareid kommune

Kommunestyret skal diskutere korleis fjoråret var for Hareid kommune. Dei får lagt fram både årsmelding og rekneskap. Dei kan du lese her.

https://www.hareid.kommune.no/aktuelt/arsmelding-og-rekneskap-for-hareid-kommune-2019.89859.aspx

Kommunestyret blir også orientert om status for fyrste tre månadene i 2020. Det skjer i eiga sak.

Budsjettrevisjon 2020

Budsjettet for 2020 blei vedtatt i desember i fjor. Kvart år i juni blir dette revidert for å kunne ta omsyn til dei endringane som har dukka opp i halvåret som har gått.