Saker til kommunestyret 22. oktober

Budsjettendringar, økonomirapport, legeavtale og delegeringsreglementet er blant sakene som kommunestyre skal avgjere i møte.

Bilete er frå Rotarystien ved Grimstadvatnet. 

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Under følgjer eit samandrag av saklista og sakene. Heile saklista med saksdokument kan du lese her.

Møtet er klokka 18 torsdag 22. oktober og blir sendt direkte på heimeside og Facebook.

Ny planstrategi

Ein planstrategi handlar om å skape klarheit og oversikt i ein kommune. Målet er å frigi både ressursar og auke det politiske handlingsrommet fordi vi har eit dokument som er tydeleg på kva vi skal legge vekt på i den kommande valperioden.

Grunnarbeidet som har vore gjort i denne rulleringa gjer klart kva som er status innanfor følgande overordna kategoriar: Demografi, næringsliv og kompetanse, areal-, miljø- og klimaplanlegging, samt levekår og folkehelse. Felles for desse kategoriane er at dei er knytt saman på fleire områdar og på tvers av sektorar.

Her kan du lese forslaget til planstrategi som kommunestyret skal ta stilling til om skal ut på høyring. (PDF, 2 MB)

 

Ny legeavtale

Hareid kommune har inngått ein avtale med Hareid legesenter om framtidig drift når senteret skal flytte inn på helsehuset. Mellom anna skal kommunen kjøpe ut to legeheimlar. Legene som fyller desse heimlane blir tilsette i kommunen. Målet er at desse stillingane kan vere rekrutteringsstillingar til legesenteret. Kommunestyret skal gi endeleg godkjenning til avtalen. Den kan du lese her.

 

Terialrapport

Tre gonger i året rapporterer administrasjonen om økonomi, korleis vedtak blir følgt opp, avviksmeldingar og sjukefråver. No er vi kome til tertialrapport for andre tertial (mai-aug).

Rapporten med vedlegg kan de lese her.

Budsjettrevisjon

Mellom anna har koronapandemien ført til at kommunen må endre budsjetta sine. I denne saka skal kommunestyret vedta desse endringane.

Delegeringsreglementet

Dette blir antakelig siste stopp for delegeringsreglementet.

Delegeringsreglementet bestemmer kva mynde kommunestyret har gitt vidare og til kven – anten eit underutval eller administrasjonen.

Det har vore ein lang prosess der dei folkevalde har fått seie si meining ved fleire høve. Når kommunestyret har vedtatt reglementet vil det bli lagt ut på heimesidene i eit oversiktleg format.

Forslaget til reglement, med vedlegg, kan du lese her.