Saker til kommunestyret 24. juni

Finansiering av turnhall, turnuslege på legesenteret og budsjettendringar er nokre av de kommunestyret skal ta stilling til. Her får du eit kjapt overblikk over sakene som skal opp. 

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

 

Fullstendig sakliste finn de her.

 

Etablering av «turnuslege» på Hareid legesenter

Helsedirektoratet gir 4 kommunar i Møre og Romsdal pålegg om 1 fast LIS1-stilling (turnuslege) frå 01.09.2021. Hareid kommune er ei av kommunane som har fått pålegg. Grunngjevinga for pålegg er at Statsforvaltaren i Møre og Romsdal ikkje har lykkast med oppfordring til kommunane om å opprette fleire faste LIS1-stillingar og ber Helsedirektoratet om å gi pålegg etter gitte kriterium. Helsedirektoratet har grunngjeve sitt vedtak med at dette er eit «naudsynt» tiltak for å sikre undervisning/praksis av helsepersonell. Kommunedirektøren ser det som viktig å bidra til lokal rekruttering av legar, og at dette vil vere positivt for vårt legesenter og lokalmiljø. Kommunen tek Helsedirektoratet sitt pålegg til etterretning, men ynskjer politisk handsaming då dette medfører meirutgifter ut over godkjent budsjettramme. Ein auke i lønsutgiftene vil auke underdekninga i budsjettet for inneverande år.

Formannskapet innstiller på at kommunestyret gjer følgande vedtak:

1. Kommunestyret vedtek at det vert oppretta 1 fast kommunal LIS1-stilling snarast etter 01.09.2021.

2. Auken i budsjettkostnader må innarbeidast i sektor for velferd si ramme.

 

Kompetanseplan velferd

Hareid kommune, sektor for velferd, arbeider systematisk for å vere ein kvalitetsog kompetanse organisasjon. Langsiktig planlegging er viktig for å kunne nytte tilgjengeleg kompetanse og ressursar på den best tenelege måten for organisasjonen. Vi skal ha ei målretta og bevisst haldning til kompetanse og utvikling for å yte gode og forsvarlege helse- og omsorgstenester. For å utløyse kompetansemidlar i helse og omsorgstenestene er det sentrale krav og forventningar om ein lokal plan.

Formannskapet innstiller på at kommunestyret vedtek den vedlagte kompetanseplanen.

Kommunestyret skal også ta stilling til planprogrammet for helse- og omsorgsplanen i kommunen.

 

Ressurslag i velferd

Sektor for velferd er avhengig av tilgang på vikarar for å oppretthalde drift 24 timar i døgnet. Sjølv ved lågt sjukefråvær, er det til ei kvar tid bruk for vikar ved t.d. ferie, permisjonar, opplæring og tillitsvaltsarbeid. I stor grad er vikarar ufaglærte. Mange er svært flinke, men dei manglar kvalifikasjonar som gjer at dei kan utføre alle oppgåver som trengst, og å ha overblikk og forståing for prioritering av arbeidsoppgåver slik ein faglært har.

Kommunedirektøren ønsker derfor å opprette til saman 160 % sjukepleiestilling og 200 % fagarbeidarstilling i ressurslag for sjukeheimen, heimetenesta og bu og habilitering. Kostnadsberekna til 2,4 millionar kroner.

Hovudføremål for oppretting av ressurslag er å sikre forsvarlege tenester. Slik kan vi oppnå målsettinga til sektor for velferd om forsvarleg dekning av fagkompetanse, reduksjon av ufrivillig deltid og reduksjon i bruk av overtid.

Formannskapet innstiller på at kommunestyret gjer følgande vedtak:

  1. Oppretting av til saman 160 % sjukepleiestilling og 200 % fagarbeidarstilling i ressurslag for sjukeheimen, heimetenesta og bu og habilitering. Kostnadsberekna til 2,4 millionar kroner. Tilsetting skjer etter gjeldande lov og avtaleverk.
  2. Stillingane vert finansierte ved å nytte delar av vikarbudsjett i sektor for velferd.
  3. I samband med tilsetting i ressurslag, vert det tatt omsyn til gjennomført kartlegging av ufrivillig deltid, og vurdert kva kompetanse som må rekrutterast eksternt.
  4. Tiltaket skal rapporterast på status i kvartalsrapporten og årsmelding. Det skal gjennomførast ei mellombels evaluering etter 1 og sluttevaluering etter 2 år. Evalueringa skal vise effekt i høve sjukefråvær og endringar i vikarbruk og overtid, samt dei tilsette sine erfaringar med ordninga. Etter to år skal det gjerast ei vurdering av om tiltaket skal vidareførast som ei permanent ordning.

 

Eigedomsstrategi 2021-2031

Det er utarbeidd ein eigedomsstrategi som skal vere eit heilskapleg, overordna, styrande dokument som femnar om all eigedomsverksemnd i kommunen. Den skal kommunisere satsinger og prioriteringer, både innad i eigen organisasjon og utad i Hareidssamfunnet. Sektorovergripande heilheitsblikk, langsiktigheit og bærekraft har vore gjennomgripande i arbeidet med strategien.

Formannskapet innstiller på at kommunestyret vedtek eigedomsstrategien slik den ligg føre.

 

Organisere eigedomsforvaltninga som eige selskap

Etter bestilling frå kommunestyret er det utført ei analyse med påfylgjande rapport som omhandlar kor vidt ein skal organisere eigedomsforvaltning som ei kommunal eining slik det er i dag eller som eit kommunalt føretak. Dette arbeidet var påstarta hausten 2020 og avslutta våren 2021.

Kommunedirektøren innstiller på at kommunestyret vedtek å ikkje organisere eigedomsforvaltninga som kommunalt føretak no men vurderer dette på nytt etter ei tre års periode med internhusleige. Internhusleiga skal tre i kraft frå 1. januar 2022.

Formannskapet innstiller på at kommunestyret gjer følgande vedtak:

1. Kommunestyret vedtek å ikkje organisere eigedomsforvaltninga som kommunalt føretak no men vurderer dette på nytt etter ei tre års periode med internhusleige.

2. Kommunestyret vedtek at ein, i tråd med politisk vedtak PS15/17, set i verk internhusleige på alle føremålsbygg frå 1.1.2022.

 

Politisk avklaring: Detaljregulering for hyttefelt Åsen/Engeskardet

Saka gjeld detaljregulering for hyttefelt Åsen/Engeskardet. Det vart nyleg fatt vedtak i klagesaka, der Statsforvaltaren opphevar kommunen sitt vedtak om å godkjenne detaljregulering for hyttefeltet Åsen/Engeskardet. Klaga til Engeskardet hytteforeining er teke til følgje. Klaga til Thorbjørn Mork er ikkje teke til følgje. For å kome vidare i saka må det takast stilling til om reguleringsplanen skal eigengodkjennast på ny i tråd med det originale planforslaget eller om endringane i forbindelse med klagesaka skal sendast ut på ny høyring og offentleg ettersyn. Det sentrale er å avgjere eigarform for vegareal, samt kven som skal få bruke den. Kommunedirektøren rår til at vegen blir offentleg.

Formannskapet innstiller på at kommunestyret gjer følgande vedtak:

Kommunestyret vel Alternativ 1:

Slutthandsame originalt planforslag, der SKV2 er offentleg

 

Hareidstemna: Fritak for leige av Hareidshallen

Hareidstemna har bede kommunen om å sleppe å betale leige for Hareidshallen i stemneveka i år. Bakgrunnen er lite sponsormidlar. Kommunedirektøren innstiller på at søknaden blir innvilga. Hareidstemnet er ein viktig samlingsplass for bygda og positiv merkevare for kommunen. Etter ei lang tid med isolasjon er det ekstra viktig for folk å treffast og gjere noko sosialt saman. Det er minkande sponsorinntekter frå næringslivet, og dette vil krejve endå større innsats og kreativitet frå dei frivillige arrangørane. Kommunen har eit ansvar som samfunnsbyggar og skal bidra til å fremje bulyst. På lik linje med dei private bedriftene har kommunen økonomiske utfordringar og burde slik sett sagt nei til alle nye utgifter. Men bedriftene ser ansvaret for fellesskapen i nedgangstider, og det må også kommunen gjere. Kommunen bør difor gi ei ekstra handstrekning til arrangørane av dette viktige arrangementet dette heilt spesielle året.

Formannskapet innstiller på at kommunestyret gjer følgande vedtak:

Søknaden frå Hareidstemna 2021, vert imøtekomen som omsøkt då kommunen vil vere ein bidragsytar for gjennomføring av dette viktige arrangementet for Hareid kommune.

Dekning av manglande inntekt vert å finne innanfor sektoren si ramme. Betalingsfritaket er knytt til dette året.

 

Årsrapport og årsrekneskap

Kommunestyret skal handsame både årsrapport og årsrekneskap.

Årsrapporten finn du her i si heilskap.

Formannskapet innstiller på at årsmelding blir tatt til vitende og rekneskapet godkjend.

 

Budsjettendringar

Saka omhandlar fleire endringar i både drifts- og investeringsrekneskapen. Den største endringa er forslag om inndekning av berekna meirforbruk ved inntektsføring av ekstra korona-midlar og endringar i rammer. Sidan dette er omstillingar det vert jobba med og detaljane om kva verknader dette vil ha på ansvara, må ein kome tilbake til rekneark som viser budsjettendringane sin verknad på resultateiningar og sektorar.

 

Finansiering av turnhallen

Hareid Idrettslag planlegg oppføring av turnhall i eigen regi. I den samanheng søkjer dei bistand til finansieringa frå kommunen. Total kostnad for turnhallen er 17,6 millionar kroner. Av dette vil 7,1 millionar vere byggelån. Hareid idrettslag ønsker at kommunen skal stille garanti for lånet. Utan kommunal garanti vil Hareid IL måtte rekne med å betale 1 prosentpoeng meir i rente på lånet.

Hareid IL ønsker også at kommunen forskotterer meirverdiavgifta og grasrot- og tippemidlane på til saman 9,6 millionar kroner.

Kommunedirektøren vurderer det slik at desse ønska bør innfriast:

Med utfordrande kommuneøkonomi er svaret i utgangspunktet nei for alle nye utgifter. Ein bør likevel vurdere unntak for tiltak som gir positiv kost/nytte for kommunen og lokalsamfunnet. Bulyst er eit prioritert satsingsområde for kommunen. Her vil private bygge og drifte ein hall som vil bidra til eit attraktivt buog oppvekstmiljø, og dei ber kommunen om finansiell større for å kunne realisere prosjektet. Dette er eit tiltak som saman med fotballhallen gir gode rammer for lokale fritidstilbod. Dette kan bidra til å hindre utanforskap og føre til auka rekruttering av barnefamiliar. Fleire innbyggarar gir større overføringar i rammetilskotet.

Forskotteringa vil truleg koste om lag kr. 300 000 totalt over ei femårs-periode. Det samla inntrykket er at den finansielle situasjonen til idrettslaget er god og det ligg det ei tiltru til at idrettslaget vil greie sine forpliktelsar. Om dette ikkje vil skje, og kommunen må ta over lånet til idrettslaget, vil dette belaste drifta med om lag kr. 325 000 i snitt pr. år i 20 år, under føresetnad av at ein ikkje lukkast med å refinansiere til betre betingelsar.

Formannskapet innstiller på at kommunestyret gjer følgande vedtak:

Hareid kommune garanterer for følgjande ovanfor Hareid Idrettslag:

  1. Byggelån, inntil kr. 7 100 000, frå 01.01.22 til 31.12.22. Dette vert så gjort om til eit langsiktig nedbetalinglån der kommunen garanterer for hovudstol inntil kr. 5 000 000, med tillegg av renter og omkostningar for kr. 1 500 000. Garantiperioden vil vere lånets løpetid (01.01.23 til 31.12.42) med tillegg av to år. Dette er ein simpel kausjon.
  1. Forskottering av mva og grasrot- og tippemidlar, totalt kr. 9 580 000 i 2022. Dette vert gitt som ein annan økonomisk garanti.

Vedtaket må godkjennast av Statsforvaltaren, jfr. kommunelova § 14-19.