Saknar du favoritturen din på Stikk Ut-lista?

Har du innspel til sommarsesongen sine Stikk ut-turar? Då set vi stor pris på å høyre frå deg!

Mann med barn i bæresele på veg opp til Meslhornet. Sunnmørsalpane i bakgrunnen. - Klikk for stort bileteMelshornet har vore på Stikk Ut-kartet i to sesongar no.

Vi er midt i vintersesongen at Stikk Ut, men planlegginga av sommarsesongen har starta. I den samanheng lurer vi på om du har innspel: Er det ein tur du har sakna? Er det turar vi bør bytte ut? 

Det er nokre punkt som vi må ta omsyn til når vi skal bestemme kva som blir årets Stikk Ut-turar på Hareid:

  • Det skal vere ei blanding av lette og litt vanskelegare turar, men flest lette og i nærleiken av der folk bur. 
  • Kvar kommune kan ha omlag 10-15 turar, og minst ein trillevenleg tur.
  • Turmåla skal vere vurdert som eigna turmål ut frå natursårbarheit. (Med tanke på plante- og dyreliv, slitasjeproblem, truga artar, verneområde og liknande.)
  • Turane må ha tilfredsstillande moglegheit til parkering og vere avklara med grunneigar.
  • Turane må ha turskildring på morotur.no (Dersom det ikkje allereie ligg der, må vi eventuelt lage til ny)

Om du har innspel set vi stor pris på om du vil sende ein e-post til folkehelsekoordinator Silje: silje.kiperberg.aksnes@hareid.kommune.no