Saman om å styrke leseutviklinga til barn i Hareid kommune

Hareid kommune har starta arbeidet med ein språk-, lese- og skulebiblioteksplan. Utviklingsprosjektet gjeld alle barnehagar og skular i Hareid kommune dei neste to åra.

På biletet er deltakarane frå samlinga 1. september oppstilt. Dei representerer barnehagar, skular, PPT, folkebiblioteket og kommuneadministrasjonen i Hareid kommune, saman med utviklingspartnarar frå Høgskulen i Volda og Nynorsksenteret. Lene Renate Veiseth

Målet er å skape ein tydeleg, heilskapleg og forskingsbasert plan og læringsprosess som skal styrke skulebiblioteket, og  språk-, lese- og læringsutviklinga til barn og unge gjennom heile oppveksten.  

Ei prosjektgruppe av pedagogar i barnehage og skule saman med styrarar og rektorar er sett saman for å arbeide ut ein plan som skal samskapast i prosjektgruppa og ut i kvar eining.  Arbeidet skjer i samarbeid med Høgskulen i Volda og Nynorsksenteret, som bidreg med fagleg kompetanse og rettleiing gjennom utviklingsprosessen.

På oppstartssamlinga 1. september deltok tilsette frå barnehagar, skular, PPT, folkebiblioteket og kommuneadministrasjonen saman med utviklingspartnarar frå høgskulen. Saman fekk dei innsikt i erfaringar frå andre kommunar og drøfta kva som kan kjenneteikne ein språk- og leseutviklingsplan for Hareid. 

 

Ein raud tråd frå barnehage til ungdomsskule

Språk er grunnlaget for læring, deltaking og fellesskap. Gjennom prosess og planarbeid ønskjer kommunen å sikre at barn og elevar møter eit systematisk og samanhengande arbeid med språk og lesing frå dei første åra i barnehagen og vidare gjennom grunnskulen.  

Planen skal bidra til:

  • felles retning og praksis i barnehagar og skular
  • systematisk arbeid med språk, lesing og bibliotek
  • god progresjon gjennom oppvekstløpet
  • høg kvalitet i det pedagogiske arbeidet
  • betre støtte til barn med særskilte behov og fleirspråklege barn og elevar
  • styrkt samarbeid mellom heim, barnehage og skule.

 

Byggjer vidare på godt arbeid

Skulane har dei siste åra arbeidd målretta med språk og lesing gjennom mellom anna språkløyper og satsing på lesing i alle fag, med særleg merksemd på elevar som har norsk som andrespråk. Barnehage har arbeidt med leiken og leiken si betydning i språkutviklinga i barnehagen. Den nye planen skal byggje vidare på dette arbeidet og samle erfaringar og kunnskap i ein felles struktur.  

For barnehage og skule er målet at planen skal vere eit praktisk verktøy for alle einingar og tilsette, og også eit verktøy heimen kan nytte. Planen skal hjelpe einingane med å sikre ei heilskapleg språk og leseutvikling gjennom heile utdanningsløpet frå barnehage, barneskule, SFO og ungdomsskule.  

Planen skal eigast av dei som skal bruke han

Kommunen legg vekt på at arbeidet skal vere forankra i dei erfaringane og behova som finst i barnehagane og skulane. Difor er det viktig at tilsette får høve til å dele erfaringar, prøve ut idear og medverke til innhaldet undervegs i prosessen.  

Det blir lagt opp til ein plan som skal vere levande og nyttig i kvardagen, med vekst på praktiske løysingar, deling av god praksis og kontinuerleg utvikling gjennom dei neste to åra som er prosjektperiode.

 

Utviklar framtidas språk- og lesearbeid

Arbeidet med språk- og leseutviklingsplanen vil gå føre seg over dei neste åra gjennom samarbeid mellom barnehagar, skular, kommune og fagmiljø ved Høgskulen i Volda og Nynorsksenteret. Målet er å utvikle ein plan som støttar alle barn og unge i Hareid til å meistre språk, lesing, læring og deltaking i samfunnet.  

Utviklingsarbeid handlar om å gjere kvarandre gode. Gjennom samarbeid og felles innsats skal Hareid kommune skape eit sterkt skulebibliotek, språk- og lesekultur for framtida.

Abonner på nyheitsbrevet frå Hareid kommune

Så går du ikkje glipp av viktig informasjon frå kommunen din.

Meld på her