Samleside for all informasjon om koronapandemien i Hareid kommune

Denne sida blir kontinuerlig oppdatert med siste nytt og anna viktig informasjon om koronapandemien.

Trykk på pilane/plussteiknet til høgre for å lese om kvart punkt.

Oppdatert 26. januar 2024
 

Koronatesting og hurtigtesting i Hareid kommune

Du treng ikkje teste deg for korona, sjølv om du har luftvegssymptom.

Dersom du har behov for legehjelp, kan fastlegen vurdere om det er naudsynt med ein koronatest.

Er/føler du deg sjuk gjeld vanlig sunn fornuft: Du held deg heime til du er frisk.

Kommunen leverer ikkje lengre ut sjølvtestar.

Ta kontakt på telefon 46 83 47 85 om du har spørsmål.

Koronavaksinering i Hareid kommune

Hareid kommune er no ferdig med koronavaksinasjon for 2023/24-sesongen og ny revaksinasjon vert sannsynleg til hausten 2024. Kommunen er ikkje pålagd å ha liggande vaksiner tilgjengeleg.

Dersom du har behov for vaksiner grunna reise, rår vi deg til å ta kontakt med private aktørar.

***

Hareid kommune har eit tett samarbeid med Ulstein kommune og tilbyr vaksinering til innbyggjarar i begge kommunar.

Anbefalte grupper som har fått tilbud om oppfriskingsdose hausten 2023 er:

  • personer i aldersgruppen 65 år og eldre, og sykehjemsbeboere
  • personer i aldersgruppen 18-64 år som inngår i en risikogruppe
  • ungdom i aldersgruppen 12-17 år med alvorlig grunnsykdom
  • barn 6 måneder–11 år med alvorlig grunnsykdom dersom barnets lege vurderer dette som viktig 
  • gravide i 2. og 3. trimester. Vaksinasjon i 1. trimester kan vurderes dersom den gravide har tilleggssykdommer som gir ytterligere økt risiko.

 

Gå inn på Folkehelseinstituttet sine nettsider for meir informasjon.

Skal du vaksinerer barna dine, må du fylle ut samtykkeskjema:

Nasjonale informasjonssider om koronapandemien
Isolasjon og karantene

Det er ikkje lenger isolasjonsplikt om du er smitta med koronavirus.

Det er eit generelt råd om å halde seg heime om du er sjuk, men dette gjeld alle infeksjonssjukdommar og ikkje berre covid.

Det er også eit generelt råd at det ikkje er naudsynt å teste seg om du får symptom.

Information in foreign languages

Til deg som er norsktalande: Erfaringsmessig er det ikkje mange framandspråklege som går inn på våre heimesider. Vi håpar derfor du kan vere med å spreie informasjon på morsmålet til dei du kjenner som ikkje har norsk som morsmål.

 

Reiser - råd og restriksjonar

Reiser i Noreg

Det føreligg ikkje særskilde råd om reising innad i landet. 

Reiser til/frå utlandet

Peikarane under viser vidare til helsenoreg.no som alltid er oppdatert med dei gjeldande reglane og råda.

Kvar finn eg koronasertifikatet mitt?

EU la ned ordningen med koronasertifikat 30. juni 2023, og koronasertifikatet vil ikke være tilgjengelig etter det.