Sei di meining: Når skal elevane kunne få fri frå skulen?

Hareid kommune har utarbeidd eit forslag til ny forskrift om elevpermisjon for grunnskulane i kommunen.

illustrasjonsbilete - Klikk for stort bilete Pexels.com

Forskrifta skal sikre likebehandling og tydlege rammer for når elevar kan få permisjon frå undervisninga. No inviterer kommunen alle til å kome med innspel – høyringsfristen er sett til 30. september.

 

Viktige punkt i forskrifta:

Rett til permisjon:

  • Elevar kan få innvilga inntil 5 dagar permisjon per skuleår, så lenge opplæringa samla sett er forsvarleg.
  • Desse dagane kan fordelast over fleire permisjonar.
  • Det blir gjort ei heilskapleg vurdering der ein ser på kva som er best for eleven, kva opplæring som blir gitt i permisjonstida, og om eleven har hatt permisjon tidlegare.

Når blir permisjon normalt ikkje innvilga?

  • I periodar med nasjonale prøver, kartleggingsprøver, eksamenar og andre viktige vurderingssituasjonar.
  • Til ferie- og fritidsreiser.

Permisjon for trussamfunn:

  • Elevar som høyrer til andre trussamfunn enn Den norske kyrkja, har rett til permisjon på sine heilagdagar.
  • Føresette må då sørge for at eleven får nødvendig opplæring for å halde tritt med undervisninga.

Ugyldig fråvær:

  • Fråvær utan søknad, eller etter avslag, blir registrert som ugyldig.
  • Det same gjeld dersom eleven er borte lenger enn det som er innvilga.

 Søknadsprosess og klagerett:

  • Søknad må sendast seinast éin månad før permisjonen skal starte.
  • Rektor behandlar søknaden, men kan delegere til kontaktlærar ved permisjonar på inntil to dagar.
  • Vedtak kan klagast på innan 3 veker, og klagen skal sendast til skulen. Statsforvaltaren i Møre og Romsdal er klageinstans.

 

Les heile forskrifta her:

Forskrift om permisjon frå skulen forslag 2025 Hareid kommune.pdf (PDF, 853 kB)

Slik sender du innspel

Høyringsfristen er 30. september 2025.

Innspel og merknader sender du til postmottak@hareid.kommune.no